Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Byggjekostnadene opp 0,3 % i oktober

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,3 prosent frå september til oktober i år og var 2,9 prosent høgare enn i oktober 2015.

Byggjekostnadene for einebustad av tre og bustadblokk gjekk opp med høvesvis 0,3 og 0,2 prosent. Materialkostnadene for dei same bustadtypane auka med 0,6 og 0,4 prosent i same periode.

Frå oktober 2015 til oktober 2016 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 2,6 og 2,4 prosent. Dei tilsvarande materialkostnadene steig med høvesvis 3,5 og 3,0 prosent i same periode.

 

Les mer: Tabellar

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *