Byggjekostnadsindeks for bustader. Prosentvis endring frå same månaden året før. (Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

Moderate endringar i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,3 prosent frå januar til februar i år, melder Statistisk sentralbyrå

Arbeidskraftkostnadene steig med 0,5 prosent, mens materialkostnadene auka med 0,1 prosent i den same perioden.
Lønsstatistikk for 4. kvartal 2012 er teken inn i byggjekostnadene for februar, og dette er hovudårsaka til kostnadsauken frå januar.

Frå februar i fjor til februar i år gjekk kostnadene for einebustader av tre og bustadblokker opp med høvesvis 3,1 og 3,0 prosent. Dei tilsvarande materialkostnadene auka med 3,4 og 3,3 prosent i den same perioden.

 

Sjå tabellar  her

 

 

 

Kommenter

Del denne artikkelen