Boka fortel historia om den norske låven, det viktigaste uthuset i norsk landbruk, eit ikon i det norske landskap. Fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Eva Røyrane har reist gjennom alle fylke for å dokumentera det svært mangfaldige norske låvelandet.
Snart utsolgt
– Eg skriv små historier om iallfall 200 hus og så har Oddleiv teke bilete av mange fleire. Til saman er det vel 1200 bilete i boka, seier Eva Røyrane til NRK Hordaland.
Boka har solgt så bra etter kort tid at at forlaget no vel å trykke fleire for å møte etterspurnaden.
Landemerkene
Med bonden sitt uthus som utgangspunkt, fortel dei landbrukshistorie og kulturhistorie, men også ei historie om Norge i dag, skriv forlaget i ei pressemelding.
Låven har vore landemerke i det norske kulturlandskapet i fleire hundre år og er eit signalbygg som framleis demonstrerer den sentrale posisjonen bonden og landbruket har hatt her i landet.

Norges Låver er på same tid eit nasjonalt praktverk og lokalboka for heile landet. Boka samlar historia om ein viktig del av vår felles kulturarv, før den ikkje lenger lar seg dokumentere.
Du kan lese mer om boka her, bruk ISBN nr 9788279592044 ved bestilling i bokhandel.