Kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker auka begge med 0,1 prosent frå mai til juni i år. Materialkostnadene for dei same bustadtypane steig høvesvis 0,2 og 0,1 prosent i same periode.
Frå juni 2013 til juni 2014 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med respektive 4,0 og 2,9 prosent.
Byggjekostnadsindeks for bustader. Endring frå same månaden året før. (Grafisk framstilling: Statistisk sentralbyrå)
Les også: Tabellar
Små endringar i byggjekostnadene (juni)