– Det er eit viktig arbeid Fair Play Bygg gjer. Eg gler meg til å kunne bidra, seier ho i ei pressemelding.
Skal halde fram kampen mot akrim
Bergh er handverkar sjølv, ho er utdanna gullsmed og har lang erfaring frå organisasjonen Oslo håndverk og Industriforening.
– Handverksfaga i byggjenæringa merkar dagleg utfordringane med arbeidslivskriminalitet, fortel Bergh. Det er alt frå sosial dumping og prisdumping til lønstjuveri, skattekriminalitet og konkurskriminalitet. Fair Play Bygg har levert eit godt arbeid for å førebyggje dette som kjem dei seriøse aktørane i byggjenæringa til gode.
– Men Fair Play Bygg har også funne at arbeidslivskriminaliteten er knytt til organiserte kriminelle nettverk, nokre av desse farlege og samfunsskadelege. Vi forventar at politiet set av større ressursar til å redusere kapasiteten til desse kriminelle aktørane.
Gerd Liv Valla går av som styreleiar i Fair Play Bygg Oslo og omegn etter to år. Bergh takkar for innsatsen.
– Valla har levert ein solid innsats og leia organisasjonen i ein periode det har vore viktig å skaffe nye inntekter. Dette har lukkast og Fair Play Bygg Oslo og omegn leverte i 2025 eit lite overskot. Eg vil takke Valla for innsatsen.
Fair Play Bygg Oslo og omegn leverte i 2025 heile 383 varsel til offentlege etarar. Fleire av desse handlar om leverandørar i offentlege kontraktar, nokre handlar også om offentlege tilsette.
– Fair Play Bygg leverer mange viktige varsel til Oslo kommune og andre offentlege byggherrar. Vi håpar at andre kommunar rundt Oslo, i Akershus, Østfold og Buskerud også vil sjå nytta av å samarbeide med Fair Play Bygg. Vi ønskjer å samarbeid for å førebyggje kriminalitet i arbeidslivet, og særleg i offentlege kontraktar, avsluttar Bergh.

