Frå venstre: Driftsleiar Anders Hauken og styremedlem Jarle Støyle. (Foto: Lene Mo Flataker/Vågegruppen)

Volda Bygg omstrukturerer og forsterkar draumeteamet

Volda Bygg blir ein del av konsernet Vågegruppen, saman med A. Våge AS og Sunnkran. No skal dei satse på bygg og rehabilitering i tillegg til betongtenester.

Sidan oppstarten i 1981 har Volda Bygg vore betongentreprenør, og levert tenester i all hovudsak innan betongarbeid på damanlegg, bruer og industribygg. 1. februar 2022 vart Volda Bygg ein del av konsernet Vågegruppen, saman med A. Våge
AS og Sunnkran.

No reposisjonerer Volda Bygg seg, og går inn i ein ny marknad gjennom å satse på bygg og rehabilitering. Volda Bygg skal framleis tilby betongtenester i samarbeid med systerselskapet A. Våge AS, som er den største betongentreprenøren på Søre Sunnmøre.

Nytt team

I januar 2025 styrka Volda Bygg teamet, og tilsette Anders Hauken i stillinga som driftsleiar. Han kom frå stillinga som prosjektleiar i Dale Vindu & Interiør, og har drive Hauken Handverksteneste sidan 2005.

Driftsleiar i Volda Bygg, Anders Hauken. (Foto: Lene Mo Flataker/Vågegruppen)

– Det er ei retningsendring vi gjer med å tilsette Anders. Samtidig får vi ein klarare profil i desse to entreprenørselskapa, der A.Våge AS er retta mot betong og Volda Bygg tek seg av tømring, innreiing og snikkararbeid. Samla blir vi no ein totalleverandør innan bygg for både privat og offentleg marknad, seier dagleg leiar i Volda Bygg, Askjell Våge.

– Dette blir ei fantastisk spennande utfordring å ta fatt på. Eg gler meg stort til å møte nye og gamle kundar med eit større og meir profesjonelt team, legg Hauken til.

Med på laget har Hauken fått med seg byggmeister Christoffer Haraldsen Øye, tømrar Trine Ervik og lærling Sara Anett Rusten Helland. Frå før av er Serhii Semenets og Ivan Tkachuk tilsett i Volda Bygg, og dei blir med vidare på denne spennande reisa.

– Saman siktar vi mot å bli ei føregangsbedrift på Sunnmøre og i Nordfjord som tek både miljø og kompetanse på alvor. Yrkesstoltheita har stor verdi for oss i Volda Bygg, seier Hauken vidare.

Godkjent lærebedrift

På nyåret fekk Volda Bygg ei gledeleg nyheit, om at vi har blitt godkjent som lærebedrift.

– Vi er veldig oppteken av å vere ei opplæringsbedrift, så at både Volda Bygg, Sunnkran og A.Våge AS er godkjente lærebedrifter og har til saman fem lærlingar, er viktig for å sikre rekruttering og framtidig kompetanse, seier Våge.

– Vi har dyktige karar og kvinner med oss. At vi har to kvinner på tømrar-laget, og enda fleire i konsernet, er med på å bryte oppfatninga av at det er ein mannsdominert bransje, held Hauken fram.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *