Gudbrandsdalsmusea søker ein tilsett med relevant utdanning innan antikvarisk handverk/bygningsvernrelaterte fag på høgskule eller universitetsnivå. Dokumentert erfaring kan erstatte utdanningskravet. (Illustrasjonsfoto: Gudbrandsdalsmusea)

Gudbrandsdalsmusea søker ny bygningsvernrådgjevar

Gudbrandsdalsmusea søker etter bygningsvernrådgjevar i ei nyoppretta 50 % fast stilling, med moglegheit for utviding.

Stillinga som bygningsvernrådgjevar er eit samarbeid mellom Gudbrandsdalsmusea, kommunane i Midtdalen og Norddalen og Innlandet fylkeskommune.

Ein som vil samarbeide og samhandle

Gudbrandsdalsmusea søkjer deg med eit sterkt engasjement for kultur- og bygningsarv. Rett person har relevant bygningsteknisk bakgrunn, er praktisk og løysingsorientert, erfaring med prosjektarbeid eller anna leiararbeid, godt nettverk, er initiativrik, sosial og utoverretta.

Samarbeid og samhandling står høgt på agendaen i museet, både internt og med andre aktørar og miljø – lokalt og nasjonalt.

– Du er dyktig på bygging av tillit og gode relasjonar, både med andre tilsette, friviljuge, lag og andre miljø. Du likar å motivere og spele andre gode, i tillegg til sjølv å dra ein stor del av lasset, skriv musea.

Stillinga som bygningsvernrådgjevar er eit samarbeid mellom Gudbrandsdalsmusea, kommunane i Midtdalen og Norddalen og Innlandet fylkeskommune.

Kontorstad er på Dale-Gudbrands gard på Hundorp, men arbeidsstad vil vere i alle kommunane i regionen. På Dale-Gudbrands gard er også Pilegrimsenter Dale-Gudbrand, som er ei konsolidert eining i museet.

Bygningsvernrådgjevaren inngår i seksjon for bygningsvern, og elles i kollegialt samarbeid med resten av fagmiljøet i museet. Museet har i dag ein bygningsvernrådgjevar i 100 % stilling.

Søknadsfrist er 1. mars 2026

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *