Dagleg leiar i A. Våge AS, Askjell Våge. (Foto: Lene Mo Flataker / Vågegruppa)

A. Våge AS sikra storkontrakt på nesten 50 millionar

Denne veka signerte kaispesialisten A. Våge AS kontrakt på 48,5 millionar kroner for kaibygging i Gjøsundet på Vigra med Nordnesgruppen og Stokfisk.

 

Denne veka signerte kaispesialisten A. Våge AS kontrakt på 48,5 millionar kroner inkl. moms for kaibygging i Gjøsundet på Vigra med Nordnesgruppen og Stokfisk.

Godt med arbeid ut 2026

I tillegg til denne kontrakta har A. Våge AS allereie på plass ein kontrakt med Stokfisk på rehabilitering av kaianlegg til 7,5 millionar kroner, også i Gjøsundet, i forlenging av dei kaiene vi no skal bygge for Nordnes og Stokfisk.

Dagleg leiar i A. Våge AS, Askjell Våge. (Foto: Lene Mo Flataker / Vågegruppa)

– Dette er eit viktig prosjekt for oss å lande, og det stadfestar vår posisjon som kaispesialisten for heile landet, seier Askjell Våge.

Til saman vil desse kontraktene tilsvare 155 meter med kai. Dette gir oss godt med arbeid fram mot påska i 2026.

– Det gler oss at Stokfisk og Nordnesgruppen vel å handle lokalt, og A. Våge AS takkar dei for tilliten og oppdraget, held Våge fram.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *