Dette er en unik mulighet for unge engasjerte tømrere til å spesialisere seg innen tradisjonshåndverket, skriver Nordmørsmusea i utlysningen.
Kva er ein næming?
Nordmørsmusea søkjer to nye næmingar med arbeidsstad Geitbåtmuseet – Husasnotra, i Heim kommune. Stillingane er 100 % over 3 år, med avsluttande byggeprosjekt og dokumentasjon i samband med dette. Næmingeprosjektet er ei treårig ordning for spesialisering av handverkarar ut over sveinebrev, i hovudsak basert på grunnleggjande kunnskap.

Kva er ein næming? Ordet stammar frå næm, som i lærenæm, og er sagt om ein person som lett tek til seg ny kunnskap.
– Som næming er du i arbeid frå første dag og får opplæring i handlingsboren kunnskap med tid for refleksjon, øving og kursing undervegs i næmingeperioden. Nordmørsmusea vil overføre kunnskapen om korleis vi bygger med hjelp av dei eldste byggesystema. Det vil seie at vi er nøydde til å felle skog og bearbeide material sjølv. Til dette brukar vi ulike handverktøy slik det vart gjort i generasjonane før oss, skriv Nordmørsmusea.
Spisskompetanse
Nordmørsmusea har målsetting om spisskompetanse på kystkulturen – med naust, brygger og båtar, og vi utfører arbeid på freda og verna bygg. I tillegg vil det bli bygd nybygg som eigne definerte læreprosjekt der næmingane får meir og meir sjølvstendig ansvar. I opplæringa fokuserer vi mellom anna på
· overføring av handlingsboren kunnskap
· laft, stavline og andre tradisjonelle reisverk, tekking og kleding
· plukkhogst og behandling av virke på rot
· saging i samarbeid med lokale aktørar
· vassgått og naturtørka virke
Som lærestad samarbeider vi og med andre utdanningsinstitusjonar som NTNU og fagskule.
Krav til deg som søkjar
· Du er mellom 25-35 år, kandidatar i andre aldersgrupper vil bli vurdert.
· Du har sveinebrev i tømrarfaget. Yrkeserfaring, realkompetanse tilsvarande svein i faget vil og bli vurdert.
· Du har grunnleggjande interesse for tradisjonell tømring/bygningsrestaurering.
· Du har lyst og evne til å rettleie og lære bort til andre.
· Du har god samarbeidsevne og kan jobbe godt både ilag med ei gruppe og åleine.
Vi stiller med
– eit unikt læringsopplegg etter anerkjend metode.
– eit kunnskapsrikt og kreativt arbeidsmiljø.
– løn etter tariffavtale.
Les mer om stillingen og søk her. Oppstart i stillingen er 1. oktober 2025.