Sentral godkjenning er ei frivillig ordning frå Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) som stadfestar at eit føretak oppfyller krava satt i byggesaksforskrifta til fagleg kompetanse, kvalitetssikringsrutinar og at dei har betalt skattar og avgifter.
Forlenges i et år
Overgangsordninga for Sentral godkjenning for ansvarsrett blei innført i 2016 og har blitt forlenga fleire gonger. Den blei sist forlenga fram til 1. juli 2025, for å sikre føresegelege rammevilkår fram til nye reglar i plan- og bygningslova er på plass. Det blei den gong varsla at ytterlegare forlenging ville bli vurdert om det var behov for det.
– Direktoratet for byggkvalitet arbeidar med å utgreie og foreslå endringar i kvalifikasjonskrav og reglane om kommunalt tilsyn og uavhengig kontroll. Det er framleis viktig å sikra føreseielege rammevilkår for næringa fram til nye reglar er på plass. Derfor forlenger vi no ordninga i ytterlegare eitt år.
Overgangsordninga inneber at føretak som fekk Sentral godkjenning før 1. januar 2016, kan vere trygge på at tidlegare gitt godkjenning kan fornyast utan endringar. Ved søknad om endra godkjenningsområde eller tiltaksklassar, må derimot kvalifikasjonskrava framleis oppfyllast fullt ut.
– Dersom ikkje overgangsordninga blei forlenga, kunne det ført til svekka kapasitet på område som er viktige for samfunnet. Dette kan vere prisdrivande, og verke inn på prosjekta si framdrift. Derfor meiner eg det var viktig å forlenge overgangsordninga ytterlegare, seier Sande.
En kommentar til “Forlenger overgangsordninga for Sentral godkjenning”
Sentral godkjenning er IKKE en garanti for at skatter og avgifter er betalt. Kun ved søknad om SG, blir dette faktisk kontrollert. Derimot om du skylder skatter og avgifter dagen etter SG er mottatt, er det ingen som trekker denne tilbake. Litt merkelig at man fremhever slik feilinformasjon. Når vanlig folk skal bestille oppdrag, stoler de blindt på slike oppslysninger som er direkte feilinformasjon fra myndigheter og kan få katastrofale følger for privatkunder ved evetuell konkurs pga. manglende betaling av skattter og avgifter. Derfor kan man ikke stole på at SG er et kvalitetstempel slik som hevdes, men forblir heldgivis en frivillig ordning og burde egentlig vært avskaffet for lenge siden. Ingen andre land i Europa har dette eller tilsvarende og ingen ting tyder på av byggebransjen i Norge har bedre kvalitet enn andre land som man liker å sammenligne seg med.