(Illustrasjonsfoto: Per Bjørn Lotherington)

Staten og byggenæringa i nytt klimasamarbeid

Staten og byggenæringa har signert en klimapartnerskapsavtale om å kutte utslipp og sikre grønn omstilling.

Byggenæringa er den største fastlandsnæringa i Noreg og ein viktig bidragsytar i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Byggenæringa blei invitert som ei av dei tre prioriterte næringane til dialog om klimapartnarskap, og er no den første til å signere ein avtale, skriv Kommunal- og distriktsdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Nye veier til klimakutt

Med avtalen forpliktar staten seg til tettare involvering av byggenæringa i arbeidet med klima- og energikrav til bygg og digitalisering. Staten vil også bidra med finansiering til næringa sitt arbeid med kunnskapsbygging og kompetanseheving for redusert klimafotavtrykk.

Og ikkje minst skal klimapartnarskapet bidra til å skape felles forståing om kva som må til for å nå klimamåla våre, og legge grunnlaget for å vurdere vidare arbeid for å redusere utsleppa frå bygging ytterlegare.

Regjeringa skal også å sjå på korleis staten kan gå føre med å redusere utslepp av klimagassar frå eigen byggeaktivitet.

– Regjeringa er opptatt av å få ned klimaavtrykket frå bygging. Det er avgjerande for ei berekraftig og grøn framtid. Vi oppnår mest gjennom samarbeid med alle de dyktige folka i byggenæringa. God dialog, tett samarbeid og ei felles forståing er nøkkelen for å lukkast. Eg ser på dette som eit første steg, som inneber at vi kjem raskt i gang med å prøve ut nye måtar å jobbe saman med næringa på. Målet er å skape konkrete og varige resultat – til lågast mogleg kostnad. Eit klimapartnarskap med byggenæringa er eit nybrotsarbeid, og vi må lære undervegs, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Den første klimapartnarskapsavtalen

Avtalen er inngått mellom Kommunal- og distriktsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, NHO byggenæringa og Fellesforbundet. I tillegg har fleire organisasjonar på arbeidsgivar – og arbeidstakarsida slutta seg til avtalen. Frå statleg hald skal også Direktoratet for byggkvalitet og Husbanken bidra inn i arbeidet.

– Byggenæringa er ei framoverlent næring. Det er ei næring med eit betydeleg klimafotavtrykk, men med ein vilje til å ta i bruk ny teknologi for å kutte sine utslepp og skape nye moglegheiter. Med denne klimapartnarskapsavtalen skal vi saman få opp tempo i utsleppskutt og omstilling av næringa. I dag feirar vi regjeringa si første klimapartnarskap – og fleire vil komme, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap).

– Byggenæringa har eit stort potensial for å kutte klimagassutslepp og bygge klimaløysingar. Vi står midt i ei stor omstilling, og det hastar å starte opp samarbeidet slik at dei beste løysingane vi har i dag, kan bli brukt av fleire. Den første klimapartnarskapsavtalen vil legge grunnmuren for utviklinga av viktige verkemiddel, og for at næringa og myndigheiter jobbar i lag for å kutte utslepp, seier Nina Solli, administrerande direktør i NHO Byggenæringa.

Klimapartnarskapsavtalen tek utgangspunkt i intensjonsavtalen om klimapartnarskap og eit felles kunnskapsgrunnlag (lenke), som blei lagt fram av partane i juni. Her kjem det mellom anna fram at det klart største klimafotavtrykket kjem frå byggematerial- og varer, og at det er avgjerder tatt tidleg i prosessen som har størst betydning for kor stort klimautsleppet blir.

– Det er ingen lett jobb å redusere næringa sitt klimafotavtrykk, men det er heilt nødvendig for å lukkast med den grøne omstillinga. Her må alle spele på lag, frå våre arbeidarar ute på byggeplass til politikarane i regjering. Vi er derfor glade for at avtalen nå er på plass. Den viktigaste jobben står att likevel – å gå frå ord til handling, seier Christian Justnes, forbundssekretær i Fellesforbundet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *