Kranselag for det samiske nasjonalteateret Beaivváš og den samiske vidaregåande skolen og reindriftsskolen i Kautokeino. Det blir utstrekt bruk av trematerialar i bygget. (Alle foto: Johan Mathis Gaup, Statsbygg)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Tett teatertak i Kautokeino

Nybygget til det samiske nasjonalteateret Beaivváš, den samiske vidaregåande skolen og reindriftsskolen er i rute til å stå ferdig om eit drygt år. No er taket på plass, noko som tradisjonen tru blei markert med kranselag på byggeplassen.

– Tett tak er ein milepåle i eit kvart byggeprosjekt, og det er stor stas å sjå dette flotte bygget verkeleg begynne å ta form. Prosjektet er i rute, så no gleder vi oss til å fortsette det gode samarbeidet med alle involverte fram til bygningen skal stå ferdig om eit drygt år, seier prosjektleiar Marte Kollstrøm i Statsbygg.

Viktig samisk byggeprosjekt

Det Samiske Nasjonalteateret Beaivváš skal samlokaliserast med Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i eit nybygg rett utanfor Kautokeino sentrum. Både skolen og teateret har lenge hatt behov for nye lokale. Prosjektet vil gi eit stort løft til dei to institusjonane, og med det òg til samisk språk, kultur og tradisjonar.

Taket som kurvar seg er eit kjenneteikn for nybygget. (Foto: Johan Mathis Gaup, Statsbygg)

Det nye bygget består av tre fløyer, som møtest i ei felles kantine, vestibyle og hovudinngang. Bygget skal inngå som ein del av naturen når det kjem til form og materialar. Det blir mykje bruk av trematerialar, og bygningen skal tilpasse seg dei naturlege formene i landskapet.

Bygningen vil bli på rundt 7300 kvadratmeter over to plan. Han får ein stor teatersal og ein mindre prøvesal. Skoledelen vil få ein gymsal med tilhøyrande garderobar, verkstad, byggehall, storkjøkken, undervisningsrom og kontorareal for tilsette.

Klimavennleg bygg

Nybygget blir bygd som passivhus, og nyt godt av ei rekke klimatiltak. Anleggsmaskinar på tomta skal nytte biodiesel. Energibrønnar leverer hovuddelen av energi til bygget.

– I tillegg er stål vald bort som berekonstruksjon og erstatta med betong- og limtrekonstruksjonar, noko som gir eit lågare CO2-avtrykk. Det er òg vald utstrekt bruk av tre som kledning. Skifer frå bygningar, som er rive i området, brukast om igjen på som kledning på delar av fasaden, seier Kollstrøm.

Stål er vald bort som berekonstruksjon og erstatta med betong- og limtrekonstruksjonar, noko som gir eit lågare CO2-avtrykk. (Foto: Johan Mathis Gaup, Statsbygg)

Statens reindriftskole blei slått saman med den samiske vidaregåande skolen i 1988. Fem år seinare fekk Beaivváš status som ein av Noregs fire nasjonale teaterinstitusjonar.

I 2018 fekk Statsbygg i oppdrag av Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet å starte avklaringsfasen for samlokaliseringa av skolen og teateret. I 2020 var det oppstart for gjennomføring av forprosjektet, og i august 2021 blei kontrakten med entreprenøren Econor signert.

Den samiske kunstnaren Iŋgor Ántte Áilu Gaup baud opp til song under kranselaget. (Foto: Johan Mathis Gaup, Statsbygg)

Arkitektar er Snøhetta, 70 grader N og kunstnar og arkitekt Joar Nango. Planlagt ferdigstilling er i slutten av mai neste år.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *