(Illustrasjonsfoto: Vestland fylkeskommune)

Vestland vil ha nasjonalt kompetansesenter for yrkesfag   

–  Vestland er eit av dei største lærlingfylka, og no vil vi ta ein nasjonal posisjon for å sikre framtida til yrkesfaga og fagarbeidaren, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

I juni vedtok eit samla fylkesting å jobbe for å få eit nasjonalt senter for yrkesfag til fylket.

Vedtaket vart fatta etter ein interpellasjon som viste til at eit av måla i Hurdalsplattformen er å etablere eit nasjonalt kompetansesenter. Kvar det skal liggje, er ikkje nemnt.

Ein pådrivar

Utviklingsplanen for Vestland slår fast at fylket skal vere ein nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg. Fylkesordføraren er difor svært nøgd med vedtaket i juni.

– Vi kjem til å trenge både arbeidskraft og fagarbeidarar i åra som kjem. Noko av det viktigaste er å samarbeide med næringslivet sjølv og sjå samanhengane mellom utdanning og behova i næringslivet. Vi må unngå å hamne i ein situasjon der vi har mange utan læreplass i enkelte fag, medan andre næringar skrik etter arbeidskraft og lærlingar, seier Askeland.

Næringslivet stiller opp, lovar NHO

I ein kronikk på nho.no, lovar regiondirektør Helene Frihammer at næringslivet er klar til å følgje opp vedtaket.

Ho meiner tida er «overmoden» for å realisere dette punktet i Hurdalsplattformen og viser mellom anna til at 53 prosent av søkarane til vidaregåaende utdanning, søkte yrkesfag.

– Alt er lagt til rette for å lykkes med dette arbeidet i Vestland, skriver Frihammer, og fortsetter:
– Vi kan omstilling og utvikling i vår region. Vi har et omstillingsdyktig næringsliv, vi har modellene og erfaringene. Derfor kan vi også bygge et nasjonalt senter for yrkesfag i Vestland, nettopp på skuldrene til det gode arbeidet som gjennom flere tiår har løftet yrkesfagene til nye høyder.

Les meir: Fylkestinget vil ha nasjonalt kompetansesenter for yrksfag til Vestland

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *