Utfordringane i bustadmarknaden varierer mellom ulike delar av landet. (Illustrasjonsfoto: Byggmesteren)

Startar opp arbeidet med Boligmeldingen

– Det er på høg tid med ein heilskapleg gjennomgang av bustadmarknaden, seier kommunal- og distriktsministar Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Kommunal- og distriktsdepartementet har starta opp arbeidet med ei melding til Stortinget som skal drøfte utfordringane på bustadmarknaden grundig. Meldinga skal etter planen leggjast fram våren 2024.

Les også: Det er viktig at dere får bygge utenfor knutepunktene (+) og Varsler ny stortingsmelding om bolig- og byggeregler (+)

Ein heilskapleg bustadpolitikk

– Eg gler meg til å ta fatt på dette viktige arbeidet. Bustadmarknaden rører ved oss alle på ulikt vis. Bustaden er først og fremst ein heim for oss, og for mange er dette den største investeringa ein gjer i løpet av livet, seier Gjelsvik

Meldinga vil både ta for seg leige- og eigarmarknaden. Eit av spørsmåla ein skal sjå på i meldinga, er om det er for vanskeleg å kome inn på bustadmarknaden for nokre grupper og i delar av landet.

Regjeringa ønskjer ein aktiv bustadpolitikk, og har fire hovudsatsingar for bustadpolitikken i Hurdalsplattforma:

  • at fleire skal få moglegheit til å eige eigen bustad
  • utvikle gode bumiljø
  • leggje til rette for å byggje fleire bustadar
  • ha ein klimavennleg byggjenæring.

– Fleire politikkområde speler inn på korleis bustadmarknaden verkar, og ein heilskapleg bustadpolitikk krev at vi ser desse i samanheng, seier Gjelsvik

Ikkje éin bustadmarknad i Noreg

Utfordringane i bustadmarknaden varierer mellom ulike delar av landet. Nokre distriktskommunar slit med lite nybygging og manglar bustader som er tilpassa innbyggjarane sine behov.

I pressområda rundt dei store byane ser situasjonen annleis ut.

– Det er ikkje tvil om at den sterke auken i bustadprisar gjennom mange år, er ei utfordring mange stader i landet, seier Gjelsvik.

Gjelsvik framhevar at løysingane derfor fyst og fremst er lokale.

– Vi skal lytte til kommunane og gje dei føresetnader og rammer for å kunne ta ei aktiv rolle. Arbeidet med stortingsmeldinga skal leggje til rette for at kommunane kan teste ut nye tiltak og måtar å jobbe på, seier Gjelsvik.

Meldinga skal etter planen leggjast fram våren 2024. Departementet vil invitere til tematiske innspelsmøte som samlar ulike aktørar og fagmiljø frå heile landet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.