(Illustrasjonsfoto: Arbeidstilsynet)

Unngå dyre HMS-kort

Mange aktørar tener gode pengar på å selje HMS-kort til norske verksemder. Arbeidstilsynet oppmodar verksemdene til å heller bestille HMS-kort til lavpris i sin oppdaterte og enkle bestillingsløysing.

Da blir korta langt billigare enn om ein nyttar eksterne tilbydarar.

Alle verksemder som tilbyr reinhaldstenester eller som utfører arbeid på bygge- og anleggsplassar, skal sørge for at tilsette har HMS-kort. Kravet gjeld for både norske og utanlandske arbeidstakarar og for enkeltpersonføretak.

Det er berre Arbeidstilsynet som utferdar HMS-kort, og den offisielle sida for å bestille korta er hmskort.no.

Mangedobbelt pris

Mange verksemder innan bygg og anlegg og reinhald blir kontakta av aktørar som vil selje dei HMS-kort. Felles for tilboda er at HMS-korta kostar mange gonger så mykje som om verksemda sjølv bestiller dei direkte frå Arbeidstilsynet.

Dermed kan eit kort som kostar drygt hundre kronar hos Arbeidstilsynet, koste mellom 600 og 1000 kronar hos andre tilbydarar. Mange tilbydarar av denne tenesta tek seg altså svært godt betalt for å bestille HMS-kort på vegner av verksemda.

BESTILL ENKELT SJØLV: Arbeidstilsynet tilrår å bestille direkte frå hmskort no, som er den offisielle nettsida for HMS-kort. (Foto: Arbeidstilsynet)

Det finst også useriøse aktørar som slett ikkje har som mål å hjelpe verksemdene. Arbeidstilsynet vert jamleg kontakta av fortvilte verksemder som har bestilt og betalt for HMS-kort utan å ha fått dei, seier seksjonsleiar Ørnulf Halmrast ved seksjon for godkjenningar og meldingar i Arbeidstilsynet.

– Tilsette kan ikkje settast i arbeid utan HMS-kort eller dokumentasjon på at arbeidsgivar har bestilt HMS-kort. Om korta som er bestilt, ikkje kjem, kan verksemda kome i ein vanskeleg situasjon, med omsyn til både drift og økonomi, seier Halmrast.

Utsetjast for målretta marknadsføring

Fleire tilbydarar av HMS-kort tek kontakt med nyetablerte verksemder og enkeltpersonføretak, både gjennom telefonsal og målretta marknadsføring, for eksempel via søkemotorar.

Arbeidstilsynet kjenner til fleire tilfelle der både verksemder og enkeltpersonføretak har førehandsbetalt for HMS-kort, utan at betalinga kjem fram til Arbeidstilsynet.

– Det kan føre til at verksemda mottar faktura frå IT-leverandøren til Arbeidstilsynet, i tillegg til den prisen dei allereie har betalt til tilbydaren, forklarar Halmrast.

Oppfordringa frå Arbeidstilsynet er difor klar: Bestill HMS-kort direkte frå oss på hmskort.no. Da slepp du fordyrande mellomledd, og du kan være heilt trygg på at bestillinga når fram til oss og at du får HMS-kortet tilsendt.

Betre bestillingsside og enklare ID-sjekk

Nyleg lanserte Arbeidstilsynet ein oppdatert versjon av bestillingssida hmskort.no. Vi har gått gjennom både språket og funksjonaliteten for å gjere det enklare å bestille HMS-kort. Mellom anna har vi gjort det enklare å administrere mange kortbestillingar på éin gong.

Samstundes har vi lansert appen HMS-kort. Her kan arbeidstakarane sjølve laste opp både portrettbilete og bilete av legitimasjonen sin. Det gjer bestillinga og leveringa raskare og smidigare.

Last ned appen HMS-kort:

Bestillingsløysinga hmskort.no vart lansert første gong i januar 2020. Denne første versjonen hadde nokre tekniske svakheiter som kunne gje lang leveringstid og frustrerte bestillarar.

– Vi har testa den oppdaterte løysinga og appen saman med bransjen, med gode resultat. Arbeidet vil fortsette i tida framover og verksemdene vil få sjå fleire forbetringar i løpet av 2022, seier Halmrast.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *