Skippertaket er førstehjelp for kystkulturminna. (Alle foto: Ove Losnegård, Kulturminnefondet)

Tradisjonshåndverkere gir førstehjelp til kulturminner

I samarbeidsprosjektet «Skippertaket» går handverkarar saman om å redde eit truga kulturminne i året. Dei hjelper eigarane til å kome i gang – og kome vidare – med å setje kulturminnet i stand.

Ei gruppe tradisjonshandverkarar og bygningsvernarar frå Norsk Kystkulturakademi, Nedre Jølster Bilelag, Jensbua Kystkultursenter, Ove Losnegård Snikkar & båtbyggjar og Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane har sett i gang prosjektet «Skippertaket» for å berge og sikre eitt truga kulturminne kvart år, skriver Kulturminnefondet.

Verdifull sjøbu

I juni 2021 redda dei sjøbua i Storaker i Hyllestad kommune i Vestland fordi ho er svært truga og eit godt døme på dei store og mangfaldige buene som var viktige i kystlandskapet.

Synfaring, sjøbua i Storaker i Hyllestad kommune i Vestland. (Foto: Ove Losnegård)

Den store og gamle sjøbua frå slutten av 1800-talet er eit monument over ei svunnen tid med både industri og stor handelstrafikk. Tidlegare var det mange av desse buene langs kysten, men ettersom dei mista funksjonen sin, er det blitt færre av dei i kystlandskapet.

– Det er positivt at gruppa ønskjer å ta vare bygningen og den historia som er knytt til han, seier Simen Bjørgen, som er direktør i Kulturminnefondet.

Kulturminnefondet har bidrege med ei tilsegn på 50 000 kroner til eit straks- og sikringstiltak for å tette taket mellombels, stoppe bua mot vidare sig og lage ein plan for vidare restaurering.

Lærerikt tiltak

Ove Losnegård er ein av initiativtakarane til prosjektet Skippertaket. Han skriv i søknaden til Kulturminnefondet at hovudproblemet for sjøbua i Storaker er at orkanane i 1990-åra har slått bua skeiv, og at det er store hòl og lekkasjar i taket som har ført til ròteskadar.

Losnegård opplyser at dei i år valde seg ut sjøbua fordi ho er svært truga, og fordi ho er eit spesielt fint døme på dei store og mangfaldige buene som var svært viktige og synlege i kystlandskapet.

Sikring av kulturminne vil føre til at eigarar får betre tid til planlegginga av korleis dei skal setje minna i stand. (Foto: Ove Losnegård)

Han konkluderer med at det har vore ei lærerik og minneverdig helg, og takkar alle som har bidrege til å sikre sjøbua nokre leveår til:

– Vi må seie oss godt nøgde med resultatet av årets Skippertak. Bua står tryggare og er tettare enn på svært mange år.

Rekrutterer til bygningsvern

Alle som ønskjer det, kan bli med og lære om korleis eldre bygg er konstruerte, og korleis dei kan restaurerast ved hjelp av tradisjonelle byggjeteknikkar.

Skippertaket ønskjer velkomen til yngre som er interesserte i å ta vare på eldre bygg og vil lære tradisjonelle handverksteknikkar. (Foto: Ove Losnegård)

Tiltaket viser fram bygningsvern og verdien av dei gamle kystkulturbygningane, og også korleis kunnskap og erfaringar om bevaring og restaurering kan førast vidare. Skippertaket har eit mål om å få til eit generasjonsskifte innanfor bygningsvern, og ønskjer velkomen til yngre som er interesserte i å ta vare på eldre bygg og vil lære tradisjonelle handverksteknikkar.

– Vi håpar og trur dette tiltaket kan vekse seg større og bidra til at endå fleire blir interesserte i og får meir kunnskap om bygningsvern, seier Trude Søilen, dagleg leiar i Fjordkysten regional- og geopark til Norske parker.

Sikringstiltak

Mange eigarar har bygningar og andre kulturminne som har skadar som gjer at det er behov for å setje dei i stand, eller der det i første omgang trengst sikring mot vidare forfall. Sikring av kulturminne vil føre til at eigarar får betre tid til planlegginga av korleis dei skal setje minna i stand.

Denne tilskotsordninga gjeld mindre tiltak, og Kulturminnefondet gjev normalt ikkje over kr 50 000 i støtte. Den privatfinansierte delen av prosjektet må vere minimum 30 prosent.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *