Det er krav om at traktorar skal ha setebelte, og dette gjeld også eldre traktorar. (Illustrasjonsfoto: Natur vgs)

Fleire alvorlege traktorulykker

Sjølv om det er tidleg i sesongen, har Arbeidstilsynet allereie registrert fleire alvorlege ulykker og ei dødsulykke ved bruk av traktor.

Arbeidstilsynet jobbar no for å få eit generelt påbod om bruk av setebelte i traktor.

Bruker ikke setebelte

I dei fleste ulykkene i år har traktoren velta grunna køyring i ulendt terreng eller ubalanse på lasta.

– Ver varsam og bruk setebelte når du køyrer traktor. Dersom du ikkje har montert setebelte, så må du ettermontere dette. Å bruke setebelte kan utgjere skilnaden mellom nokre blåmerke eller å verte invalid for resten av livet, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.

Til saman har 24 personar døydd på jobb i næringa sidan 2015.

Det er krav om at traktorar skal ha setebelte, og dette gjeld også eldre traktorar, påpeker Arbeidstilsynet.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *