Vestad har skrevet denne artikkelen som en del av bachelorutdanning i Tradisjonelt bygghandverk på NTNU i Trondheim
På vestlandet er ein kjent med vått og vindfullt klima. Dette har det vore teke omsyn til gjennom tidene ved oppsetting av hus. Som oftast er eine endeveggen orientert mot den dominerande værretninga, og gavlveggen er ein del av ei sval/ skåle eller eit skot.
Svala beskyttar tømmeret til huset, og blir å sjå på som ein slitedel. Ein kjem då unna med å kle den minste veggen til huset. Ein ser og at tuna er orientert i rekke slik at husa “tek av” for kvarandre.

Hammervollstua frå Eidsvåg i Langfjorden er eit langt todelt hus. Eine delen er ei alderdommeleg årestue med eldstad midt på golvet og ljore i taket. Den andre delen er ei tømmerstue bygd 1822 med gang, kove og kammers. Eldstaden er ein peis i eine hjørnet med skorsteinspipe. I kvar ende på huset er det skåler/ skot.


Huset blei flytta til Romsdalsmuseet i 1927/28. Seinare blei både løa og stabburet flytta, og dannar i dag eit firkanttun, der langveggen på stua er vervegg mot vest!
Nesten alt av vind med regn kjem frå vest- sørvest. Tømmeret rekk nesten aldri å tørke opp i mellom regnbygene, så museet har sett seg nøydd til å kle opp veggen for å ta vare på det originale tømmeret.

Å kle eit museumshus som aldri har hatt kledning byr på ein del spørsmål. Kva er tidsriktig, korleis er vindusomramming, materialvalg, overflate, profilar etc.?
Det blei sett på ein del eldre originale hus i Romsdalregionen for å ha som grunnlag til eit val. Ståande tømmermannspanel i furu med bredder etter stokken med høvla overflater og profil i sida på påbordet går igjen på tidstypisk 1850 stil.

Det blei fellt nokre furutre på museumsområdet, og dei blei saga til ukanta tomsbord og la dei på granstrø til tørking ein luftig stad. Etter tørk blei kantane skore rein for geitved, og margsida som er yttersida høvla med okshøvel.
Deretter blei borda sett i skottbenken, https://skottbenk.com/category/geografisk-plassering/noreg/more-og-romsdal-noreg/fraena/ kopi av Lømyrbenken som var ordna i anledninga ,og retta med skottoksen, og tilslutt blei det profilert ein kvartstaff med kant.

Før arbeidet på veggen starta blei det satt opp eit stillas eit stykke frå veggen med presenning over frå takskjegget for å kunne arbeide nokonlunde tørt og få sleppe å få ufsedråpen i nakken.

Veggen er lekta med noko oppretting. Lektene er skore ut av ein plank til 2×5/4 toms i rein alved. 5 kvart dannar god lufting bak kledninga og for tømmeret. Underliggerane ved skilleveggsnover, dør og vindu var dei første borda som blei montert.
Så var det å leite fram og sortere passelege breidder og få det til å gå opp i dei ulike felta med både underliggar og påbord, og ta hensyn til rot og topp. Innfestinga er Mustad 4 toms svart bygningsspikar, ein midt i underliggaren, og to i påbordet i kvar lekte.

Det ferdige kledde huset framstår med eit anna uttrykk enn tidlegare, men ein kan tru at stilen som er valgt med alfuru som skal stå ubehandla og bli vergrå peikar imot noko som kan opplevast som tidsriktig. Og ikkje minst med desse milde og våte vintrane er det godt for tømmeret å få god lufting og tørke opp.


Om ikkje anna er nemnt er foto/ film ved forfattar.
Kjelder: -Bjørn Austigard
-Lokale bygg
-Romsdalsmuseets fotoarkiv
Denne artikkelen ble først publisert på bloggen Tradisjonshandverk.com og er gjengitt med forfatterens tillatelse.
Bloggpostane på Tradisjonshandverk.com er studentarbeid fra studentane som tek bachelorutdanning i Tradisjonelt bygghandverk på NTNU i Trondheim.