Ei laksegilje er ei slags utkikkshytte, der den gamle fangstmetoden gjekk ut på å koma mest mogleg loddrett over vatnet, slik at fangstmannen kunne sjå laksen nede i fjorden mot ein lyst malt flake i fjorden, eller ein lys sandbotn.
Nede i fjorden under gilja var det lagt ut ei såkalla sittjenot. Når fangstmannen såg laks, slo han ut ein utløysar-mekanisme som slepte tunge lodd utfor gilja, og via tau og blokker drog nota opp av vatnet og fanga laksen.

I den første gilja me bygde oppatt, skulle stort sett berre stolpane brukast på nytt. Sjølve utkikkshytta skulle berre dokumenterast og så lagast ny, sidan hytta var svært dårleg. Me kunne berre bruka oppatt sjølve utløysarmekanismen og døra i tillegg til stolpane.
For å arbeida trygt og sikkert i slik høgde, som var omlag 30 meter, tok det mykje tid å laga eit påliteleg stillas på utsida av gilja.

Den andre gilja var heilt vekke. Dermed skulle ho byggjast opp att ut frå informasjon frå grunneigar og informant Erling Kleiveland, som var med på dette laksefisket heilt fram til 1993.
Me hadde også nokre bilete frå rundt 1960 som me kunne støtta oss til. Det stod i prosjektbeskrivelsen at byggjetekniske detaljar me kunne få frå informanten og biletet, skulle nyttast i oppatt-byggjinga.
På biletet la me merke til to spesielle ting med kledningen på gilja. For det første var kledningen montert i vifteform, slik at nedste bordet låg parallelt med golvet, og øvste bordet låg parallelt med pulttaket. Det same hadde me sett, og demontert, på den andre gilja.

I tillegg såg me på bileta at staven i veggen stod på utsida av kledningen. Det var litt vanskeleg å tolka detaljane, og det er mogleg at kun fremste staven var på utsida. Me valde å tolka det slik at alle stavane var på utsida. Dette knepet såg me sjølvsagt umiddelbart store føremuner med, sidan heile hytta då kunne byggjast frå innsida, utan stillas. Me sparte mykje tid ved å gjera det slik.
Sidan alt er tungvindt å gjera på ein forsvarleg sikra måte i slik høgde, går det seint. Ein rask kik på timelista, viser at det gjekk til saman rundt 40 arbeidstimar å byggja stillas på den andre gilja. Dette var nok tid som dei gamle også likte å spara seg for, og me reknar med at dette er grunnen til at dei valde å gjera det på denne måten.


For å montera den liggjande kledningen frå vranga og få han rett sua, måtte me naturleg nok starta med øvste bordet i veggen i staden for det nedste, som det jo elles er relativt solid tradisjon for.
Så forhalte me kvart bord omlag ein halv tomme i eine enden for å koma ut med viftefasongen slik at det skulle stemma med golvet som var i vater.

Sjølvsagt er det ikkje noko optimal løysing for varigheita at staven står på utsida av kledningen, men den gamle gilja stod greitt i mange mange tiår, og det var stormen som tok ho til slutt. Me veit ikkje heilt korleis det var med råte då ho forsvann, men med god material kan det nok stå svært lenge likevel. Kledningen står i alle fall luftig nok i ei laksegilje.
Magne Kleiveland, student tradisjonelt bygghandverk

Denne kronikken ble først publisert på bloggen Tradisjonshandverk og er gjengitt med forfatters tillatelse.