Bedrifta er no godkjend som lærebedrift i to lærefag; tømrarfaget og målarfaget. No i oktober tilsette dei sin første lærling i målarfaget.
Treng fleire
– Vi driv eit lite firma under oppbygging, og gjennom lærlingordninga kan vi tilføre firmaet den kompetansen vi treng for framtida, fortel Anders Hauken.
– Får vi inn den rette personen, som også likar seg i firmaet vårt, er dette ei lønsam investering for alle partar. For oss er det viktig å vidareformidle kunnskap og ferdigheiter som er innøvd og erfart gjennom mange års praksis i faget.
Dette er kunnskap som vanskeleg kan overleverast til neste generasjon gjennom skjerm eller bok. Det å kunne utvikle seg og hauste erfaring frå røynde handverkarar har frå gammalt av vore den viktigaste måten å lære et handverksfag på. Men i dei siste åra synest vi det har vore vanskeleg å rekruttere nye unge til bransjen.
– I grunnen vil vi hevde at vi no nesten manglar en generasjon handverkarar, seier Hauken.
Amin oppfyller draumen
Amin Kasongo (26) kom til Noreg som 16-åring.
– Eg hadde aldri gått på skule før og kunne korkje lese eller skrive, fortel han.
– Det har vore ein vanskeleg veg å gå, men eg bestemte meg for å aldri gi opp. Den strategien har fungert veldig bra hittil, smiler han. Amin fullførte Vg2 Byggteknikk på Herøy vidaregåande skule i vår og søkte deretter læreplass i tømrarfaget.

– Eg gjorde som dei fleste andre i min klasse. Men eg ville eigentleg bli målar, og heldigvis fortalde eg det til ein rådgivar på skulen, fortel Amin.
– Rådgivaren tipsa meg om Hauken Handverksteneste AS og at denne bedrifta ønskte seg ein lærling i målarfaget. Det er eg glad for no, seier han.
Godt samarbeid er alfa og omega
For Anders Hauken handlar det å vere lærebedrift om å tenkje langt fram, både for bedrifta og for bransjen under eitt.
– For at vi skal ha tilgang på gode fagarbeidarar i åra som kjem, må alle ta sin del av samfunnsansvaret. Vår bedrift er ikkje så stor, men vi kan likevel både bidra og dra nytte av lærlingordninga, seier Hauken.
– På dette punktet er samarbeid alfa og omega. Vi må fortelje dei vidaregåande skulane kva vi treng, og skulane er avhengige av bransjen, for å kunne gi elevane ei relevant opplæring og førebu dei på tida som lærling.
Faisal blir kjend med byggebransjen
Ørsta Vidaregåande skule har i fleire år hatt VG2 Byggteknikkelevar ute i praksis i faget yrkesfaglig fordjupning (YFF). Elevane får då 7 veker praksis i bedrift gjennom skuleåret.
Faisal Albayoumi er akkurat ferdig med praksisperioden sin hos Hauken Handverksteneste. Han går Vg2 byggteknikk ved Ørsta vidaregåande skule og har i to veker fått vise fram kompetansen sin gjennom faget.
– Denne ordninga er ein fantastisk måte for oss å bli kjend med potensielle lærlingar på, seier Anders Hauken.
– Elevane får bli kjende med arbeidslivet og kan prøve ut yrke og arbeidsplassar. Blir det klaff, kan slike praksisperiodar ofte føre til ein avtale om læreplass i neste omgang.
Behovet for fleire lærebedrifter
– Generelt kan vi seie at vi treng fleire læreplassar i fylket vårt, men behovet varierer sterkt frå bransje til bransje, seier formidlingskoordinator Monika Haanes Waagan.
– Difor er den gode kontakten mellom skule og arbeidsliv så viktig. Det ideelle er hundre prosent match mellom behovet for fagarbeidarar i arbeidslivet og tilgangen på motiverte og kvalifiserte lærlingar. Med gode samarbeidsrutinar kan ein kome stadig nærare dette målet, seier Waagan.
2 kommentarer til “Lærlingordninga gir Hauken skreddarsydd kompetanse”
For ordensskyld, det er ikke Anders Hauken som viser Amin Kasongo faget, men undertengnede, Stein Ove Lande, Malermester
Takk Stein Ove – det fremkom ikke i pressemeldingen