- Me trur våre kunder setter pris på vår fagkompetanse, seier Vestbø. (Foto: Haakull & Ersland)

Haakull & Ersland AS fyller 30 år

– Med ein solid gjeng med fagutdanna tømrere i ryggen ser vi lyst på dei neste 30 åra i byggebransjen, fortel dagleg leiar Espen Vestbø.

Byggmesterfirmet med 20 ansatte utfører alle typer byggetjenester, med hovedvekt på hovudentrepriser tømmer på større byggeprosjekt.

Bedriften holder til ved Haukelivegen 431 i Skjold, med egne kontor- og lagerlokaler.

Les også: – Ei særlig ære og Fra lærling til daglig leder

Framtida blir spanande

Sidan starten i 1988 har bedrifta utført større og mindre byggeprosjekt rundt heile Haugalandet.

– Byggmesterane Haakull & Ersland slo seg saman for 30 år sidan. Målsettinga var å kunne satse meir på større byggeoppdrag, i tillegg til eksisterande oppdrag. Etter nokre år blei det behov for for meir kontor og lagerplass, og i 1997 kjøpte vi lokalene vi held til i dag, seier dagleg leiar i Haakull & Ersland Espen Vestbø, som roser medarbeiderne i bedriften:

– Våre tilsette med lang fartstid i H&E og med solid fagkompetanse er ein trygghet for både oss og våre kunder, seier Vestbø, og peikar på at framtida blir minst like spanande for bedrifta som åra som no ligg bak dei.

Vinner med fagkompetanse

Bedrifta har spesialisert seg på nærings – og kontorbygg, rehabilitering og ombygging. Dei har kundar over heile regionen, mange av prosjekta er i Haugesundsområdet. Nett no arbeider dei blant anna med ombygging av Haugesund bibliotek, utbygging på Haugesund toppidrettsgymnas, Ølen brannstasjon med meir.

– Med ein solid gjeng med fagutdanna tømrere i ryggen ser Haakull & Ersland lyst på dei neste 30 åra i byggebransjen. Me trur våre kunder setter pris på vår fagkompetanse, fortel Espen Vestbø.

Firmaet har også lang erfaring som ei attraktiv lærebedrift for lærlingar i regionen, som regel har dei inne ein til to lærlingar, som alle får prøve seg på dei fleste arbeidsoppgåvene på ein byggeplass.

Framover ynskjer bedrifta å styrke posisjonen sin som eit naturleg val tømmerentreprenør, men også som ei bedrift som kan tilby større hovedentrepriser og totalentrepriser for større prosjekt.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *