Nær 200 personar ble kontrollert. (Foto: A-krim Hordaland)

Seriøs ryddesjau i Hordaland

– Dei aller fleste verksemdene driv seriøst, men det er og mange som ikkje fylgjer regelverket, seier A-krimsenteret i Hordaland etter storkontroll i Odda, Ullensvang, Kvam og Kvinnherad.

A-krim Hordaland, som er eit samarbeid mellom Nav kontroll, skatteetaten, politiet, arbeidstilsynet og kemner, har saman med lokale lensmannskontor kontrollert tilhøva i 73 verksemder innan bygg og anlegg i Odda, Ullensvang, Kvam og Kvinnherad.

Les også.: Tok mange i Rogalands ROT-marked

Mange fylgjer ikkje regelverket

Nær 200 personar er kontrollerte, og det vart funne feil og manglar på kvart fjerde kontrollerte HMS-kort. To personar vart bortviste frå arbeidsplassen, og ein vart utvist frå landet. Fem byggjeprosjekt vart stoppa på grunn av farleg arbeid.

– Dei aller fleste verksemdene driv seriøst, men det er og mange som ikkje fylgjer regelverket. Manglande kultur for sikring og tryggleik kan føra til alvorlege ulukker, uttalar Øystein Andersen, som er felles talsperson for A-krim Hordaland.

Nær 200 personar er kontrollerte, og det vart funne feil og manglar på kvart fjerde kontrollerte HMS-kort. To personar vart bortviste frå arbeidsplassen, og ein vart utvist frå landet.

Fem byggestans

– Fem byggjeprosjekt vart stoppa på grunn av farleg arbeid. Dei aller fleste verksemdene driv seriøst, men det er og mange som ikkje fylgjer regelverket. Manglande kultur for sikring og tryggleik kan føra til alvorlege ulukker, uttalar Øystein Andersen, som er felles talsperson for A-krim Hordaland.

Mange av verksemdene og arbeidstakarane vil verta fylgde opp vidare, på grunn av mistankar om brot på regelverket som gjeld arbeidsvilkår, løn, tryggleik, helse og arbeidsmiljø.

– Alle kan vera med å kjempa mot arbeidslivskriminalitet, og også forbrukarane og oppdragsgjevarane har eit ansvar for å sikra ein seriøs marknad. Om du vel ei verksemd som gjev deg valet mellom å kjøpa svart eller kvitt, er du med på å halda i gang ein useriøs og ulovleg marknad, seier Øystein Andersen i ei pressemelding.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *