Brei kompetanse:Med ulike fagbrev og arbeidserfaring innan både metallindustri, hotellfag, barne- og ungdomsarbeid og sagbruk er dei fem yrkesfaglege koordinatorane ei allsidig gruppe. Frå venstre: Hermod Kirkeli (Stord vgs), Lise Knag (Slåtthaug vgs), Torunn Ask (Årstad vgs), Ole J. Opkvitne (Voss vgs) og Ingrid Beate Lægreid (Sotra vgs). (Foto: Hordaland Fylkeskommune)

Dei skal auke gjennomføringa på yrkesfag

– Det er stort og kjennes veldig meiningsfylt å få vere med å hjelpe ungdom med å fullføre vidaregåande utdanning, seier Hermod Kirkeli frå Stord vidaregåande skule. Han er ein av fem nytilsette yrkesfaglege koordinatorar som no begynner arbeidet på kvar sine skular i fylket.

Opprettinga av stillingane er ein del av prosjektet «Auka gjennomføring – fleire ut i lære» som skal sikre at fleire fullfører si yrkesfaglege utdanning.

Den toårige forsøksordninga skal mellom anna gi betre overgangar for ungdom som skal byrje på vidaregåande skule og dei som skal ha opplæring ute i bedrift. Koordinatorane jobbar på Årstad, Slåtthaug, Sotra, Stord og Nye Voss vidaregåande skular.

– Dei nye koordinatorane er eit av dei største løfta vi har teke for å gjere vegen gjennom fireårig yrkesfagopplæring sikrare. Gjennom dette tydeleggjer vi skulane si rolle i arbeidet med å skaffe nok læreplassar i sine regionar, seier leiar for utval for opplæring og helse, Emil Gadolin.

Gode møtepunkt

Skulane er plukka ut etter kor mange elevar som kjem seg vidare i opplæringsløpet. Rundt 900 ungdommar i Hordaland fekk ikkje tilbod om læreplass i 2015. Dei nye koordinatorane vil arbeide for å redusere dette talet. For å få til dette skal dei jobbe med heile det fireårige utdanningsløpet.

– For å lukkast er vi avhengige av eit godt samarbeid med yrkesfaglærarane på skulane, seier Lise Knag som skal arbeide på Slåtthaug videregående skole. Ho meiner det er avgjerande å lage gode møtepunkt der dei kan diskutere viktige saker med lærarane.

Koordinatorane sitt arbeid inneber å systematisere og utvikle samarbeidet mellom bedrift og skule, jobbe for å få fleire lærebedrifter og læreplassar i regionen, samt legge til rette for elevar som skal ut i bedrift. Dei skal formidle elevar til læreplassar og ikkje minst støtte elevane som skal ut i lære.

 

Skal skape varige strukturar

Dei nytilsette koordinatorane trur dei kjem til å vere tydelege personar på skulane i starten, men understrekar at dei ikkje skal løyse oppgåvene aleine. Oppgåva er å vere ein støttefunksjon som samarbeider med staben på skulane om å lage ein tydeleg strategi for ei heilskapleg fag- og yrkesopplæring.

– Vi skal arbeide saman med dei andre tilsette på skulane for å skape ei «vi-kjensle». Oppgåva vår er å innarbeide eit system som fungerer godt også etter at vi har slutta, seier Torunn Ask som skal jobbe på Årstdad vidaregåande skule.

Målet er å få på plass varige strukturar og arbeidsmåtar som kan overførast til andre skular i fylket. Arbeidet skal dokumenterast, evaluerast og på sikt kunne implementerast på alle skulane.

– Det er knytt stor optimisme til dette tiltaket, og vi har fått flinke og oppglødde fagfolk til å setje standard, seier fylkesdirektør opplæring Svein Heggheim.

329 søkjarar

Interessa for å bli yrkesfaglege koordinatorar har vore stor. Heile 329 personar søkte på dei fem stillingane då dei blei utlyst i januar. Prosjektperioden varer ut 2018, men det kan bli aktuelt å forlenge denne.

Dei fem koordinatorane skal delta i ei prosjektgruppe leia av fagopplæringskontoret. Torsdag og fredag denne veka var gjengen samla for å koordinere arbeidet og skape ei felles forståing av oppdraget dei no skal i gang med.

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *