– Det er mange hus her i kommunen som kan trengje energioppgradering, men det er ikkje mange som vil ha hjelp til å få det gjort, fastslår byggmeister Gallefoss.
Ho driv firmaet Tømrar-Elin i Selje i Sogn og Fjordane og er ei av mange som er med i Enova sitt register over energirådgjevarar. Men ho har ikkje akkurat hatt noe renn av kundar etter at rådgjevarkurset var gjennomført.
Les også: Etterisolér en yttervegg av gangen
Må vite meir om energioppgradering
– Dei fleste bustadeigarane veit nok altfor lite om kva energioppgradering kan vere. Eg reknar difor med at det eg skal gjere på huset vårt, kan vise dei noko om det, seier ho.
Energirådgjevaren har sjølvsagt gjort som ho vil gjere med ein kunde: Gjennomgått heile huset, gjort energiberekningar og satt i gang å søkje om stønad og lån. Rett nok får ho nok ikkje nytte av at Enova gir støtte til å bruke energirådgjevar. Men med energikalkyle og energimerke på bustaden, samt tilrådingar frå energirådgjevaren, kan Husbanken gje lån til oppgraderinga.
Langsiktig prosjekt
Huset var tomt og ribba i hovudetasjen då vi var på vitjing tidleg i haust. Stablar av rivematerial låg i stova.
Arbeidet med riving og oppattbygging kjem til gå over lang tid. Rivearbeid skal foregå på fritida, mens ho skal byggje opp att på fulltid på oppdrag frå huseigaren som er mannen hennar.
Målet er likevel at huset med eit planlagt tilbygg skal stå klart til neste konfirmasjon i familien om snaut to år.
I mellomtida bur familien i nabohuset, det opprinnelege gardshuset på Kjøsen som garden heiter.
Eitt plan og TEK 10
– Målet er å få ein praktisk bustad som oppfyller krava til universell utforming og energikrava i TEK 10, forklarar Gallefoss.
Ho har teikna om for å få det slik familien vil ha det, og får det meste på eitt plan. Oppgraderinga kjem til å handle om vindtetting, etterisolering og vindusskifte.
– Særleg vintettinga er viktig her. Det er sjeldan vi har kuldegrader, men ofte bles det kraftig. Huset skal varmast med ei luft til vann varmepumpe og vedfyr. Ein vinter var vi tre døgn utan elektrisk straum. Det var kaldt, men hadde vore heilt uuthaldeleg om vi ikkje hadde vedfyren. Varmepumpa og panelovnane blir jo null verdt utan straum, og slikt kan skje igjen, seier ho.
Klassisk 1970-og 80-tallsproblem
I rivinga oppdaga ho råte i kjellaren. – Det er eit klassisk problem i innreidde kjellarar frå 1970- og 80-talet, kanskje frå 1990-talet også, kommenterar ho.
Kjellaren var isolert på innsida slik at kondens og fukt over tid hadde ført til mugg og råte i stendarane.
– Det var kjedeleg å oppdage, men betre at vi såg det no sidan vi skal i gang med rehabilitering, seier ho.
Sta som ei geit
Interessa for tømrarfaget fekk Elin Gallefoss då ho var ungjente og hjelpte faren med å spikre takstolar til eit nytt fjøs.
–Det gjekk ikkje an å bli tømrar, meinte far, men eg høyrde ikkje. Eg er sta som geita vi har gåande på beite i skråninga her, smilar ho.
Å vere sta, er nok også naudsynt for ei ung kvinne som veljer eit yrke som er så mannsdominert og som krev ein del musklar. Ho har bygd hus og hytter aleine, til og med løfta opp takstolar aleine – fordi ho ikkje hadde tid til å vente på hjelp!
– Ja, det er tunge løft i dette yrket, men som oftast er det hjelp å få til det aller tyngste. No for tida har eg jo ein lærling med, og elles spør eg mannen min om hjelp, seier ho.
Unngå reklamasjonar
Ho kjenner seg sjølv og veit at ho er svært nøye: – Eg er nok sær, og nøye på det eg gjer for å slippe reklamasjonar. Det kan vere ein av grunnane til at mannfolk ikkje vil arbeide med meg. Kanskje er det òg menn som meiner det er eit prestisjenederlag å jobbe med meg som sjef her kor alle kjenner kvarandre, seier ho.
– Det har jo sine fordelar å vere aleine òg, meiner ho. – Blir det daudperiodar, er det verre om ein har fleire tilsette.
– Er kundane skeptiske til at det er ei kvinne som skal jobbe for dei?
– Nei, det har eg ikkje opplevd – dei har jo alle kontakta meg og kjenner meg eller dei skjønar av firmanavnet at dei får med ein kvinneleg byggmeister å gjere, smilar Elin Gallefoss.
Fakta: Tømrar-Elin, Selje
Starta i 2007 av byggmeister Elin Gallefoss. Ein tilsett lærling. Byggjer og rehabiliterer i heimkommunen og nabokommunane. Energirådgjevar i Enova.
Artikkelen er henta frå Byggmesteren nr. 10 2016