– Vi ønsker at fagskolar skal bli meir anerkjende og meir synlege som eit yrkesretta alternativ til anna utdanning på høgre nivå, seier Røe Isaksen. (Foto: Regjeringen)

Styrker fagskoler og yrkesfag

Regjeringen foreslår 58 ekstra millioner kr til å styrke fagskoler og 30 millionar kr for å styrke kompetansen til yrkesfaglærerne i statsbudsjettet for 2017.

Det skriver Regjeringen i forbindelse med fremleggingen av statsbudsjettet for 2017.

I forkant av ny melding

– Vi veit at fagarbeidarar er viktige for ei vellykka omstilling av norsk økonomi, og vi veit at vi kjem til å stå overfor ein mangel på mange fagarbeidarar framover. Derfor held vi fram med å satse på dei yrkesretta utdanningane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Satsinga skal bidra til å gjere fagskolane betre i stand til å utvikle kvaliteten og tilbodet i utdanningane sine.

Hausten 2016 vil kunnskapsministeren legge fram ei melding til Stortinget om fagskolane.

– Vi ønsker at fagskolar skal bli meir anerkjende og meir synlege som eit yrkesretta alternativ til anna utdanning på høgre nivå. Det er også viktig at tilbodet ved fagskolane er oppdaterte om utviklinga i næringslivet, seier Røe Isaksen.

 

Satsar på yrkesfaglærarane

Regjeringa foreslår 30 millionar kroner til å føre vidare satsinga på kompetansen til yrkesfaglærarane, og utvidar tilbodet om etter- og vidareutdanning.

– Med ein stadig opnare økonomi må vi utdanne konkurransedyktige fagarbeidarar. Derfor har det aldri vore viktigare enn no at yrkesfaglærarane er oppdaterte på fagfelta sine, og gir yrkesfagelevane opplæring av høg kvalitet, seier Røe Isaksen.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *