Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Bustadbyggjinga skyt fart i Kaupanger

Bustadbygjinga kjem til å ta seg kraftig opp i den lille bygda Kaupanger i Sogn og Fjordane neste år.

Nordbohus Sogn står for den økte aktiviteten. Dei skal i gang med dei første bustadene i eit felt med plass til totalt 100 einingar, i tillegg til at dei skal byggje tettstadens første leilglegheitsbygg med 22 einingar.

– Ja, vi har selt seks einebustader og fleire husvære i firemannsbustader i dette feltet. Det gjer at vi kan ha byggjestart for desse i mai neste år, stadfester Dag Loftesnes i Nordbohus Sogn.

– Leiglegheitene i Kaupanger vert lagt ut til sal utpå vinteren etter ein første lansering no før jul, og får byggjestart så snart mange nok er selt. Vi reknar med at dei blir klare til innflytting om eitt års tid, seier han.

 

 

Med element og gitterdrager

– Dette blir dei første leiglegheitene som er bygd i Kaupanger, så vi reknar med at det er mange som ser fram til det.

Dei får eit glassoverbygd atrium slik at bebuarane får ein møteplass ute som ikkje blir påverka av ver og vind.

– Dei får vår heile året, seier seljaren.

Nordbohus Sogn sine eigne tømrar skal gjere tømrararbeida, men Jatak Kaupanger skal levere element. Dei lagar òg gitterdragarar som blir brukt i etasjeskiljene, fortel Loftesnes.

 

Ein industristad

Kaupanger har om lag 1.000 innbyggarar, men har fleire store arbeidsplassar. Her ligg mellom andre Lerums drikkevareproduksjon og Jatak. Mange reiser dit frå nabokommunar til jobb kvar dag. Ein ny bustad i Kaupanger kan truleg vere attraktiv for fleire av dei, meiner Loftesnes.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *