Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Leilegheiter i rett tid i Kaupanger

Leilegheitene som nå blir bygd oppå ein ny daglegvarebutikk i Kaupanger i Sogn, kjem i rett tid. 16 av 22 bustader vart selde i løpet av ei helg – 1,5 år før første innflytting!

– Det er noe stort på gang, konstaterer Dag Loftesnes som er dagleg leiar i Nordbohus Sogn.

– Dette er det første prosjektet i Kaupanger med leilegheiter og det er opplagt at mange som har einebustad idag, har gått og venta på at noko slikt skulle kome på marknaden. Her får dei praktiske bustader, utan hage å stelle, men med gode balkongar.

Med element og holdekker i tre, kjem bygget fort under tak, kan Dag Loftesnes konstatere.
Med element og holdekker i tre, kjem bygget fort under tak, kan Dag Loftesnes konstatere.

 

 

 

Fleire satsar

Tre selskap er saman om prosjektet:  NBH Sogn Eigedom AS, Sør Eigedom og Jatak Kaupanger.

– I dette bygget ser vi kor effektiv elementbygging er, seier ein nøgd Odd Tufte i Jatak Kaupanger.
– I dette bygget ser vi kor effektiv elementbygging er, seier ein nøgd Odd Tufte i Jatak Kaupanger.

– Dette bustadprosjektet har skapt ein positivisme i nærområdet. Det har ført til sal også i andre prosjekt og bustadfelt. Fleire vil etablere seg her, seier Odd Tufte i byggevareprodusenten Jatak, den eine eigaren i prosjektet. Vi møter han saman med Loftesnes.

 

Sel når det er ferdig

Tufte og Loftesnes  er sikre på at dei einingane som ennå ikkje er selt, blir selde så snart bygget kjem opp og det blir lettare å sjå kor flott det kjem til å bli.

– Det er mange grunnar til at bustadsalet går godt her i Kaupanger, meiner dei to.

– Prisane ligg rett nok høgt, men det er kort veg til Sogndal, der prisane er endå høgare, og til flyplassen med direkte samband til Oslo og Bergen. I Kaupanger har vi dessutan godt bumiljø med tilbod om ulike fritidsaktivitetar og høve til å naturopplevingar sommar som vinter. Her er det eit industriområde med ca 900 arbeidsplassar, fortel dei.

Takelementa blir heist opp. (Foto: Odd Tufte, Jatak Kaupanger)
Takelementa blir heist opp. (Foto: Odd Tufte, Jatak Kaupanger)

 

To høgder i tre

Bustadene på butikken ligg i to høgder og blir bygd i tre, med element som Jatak Kaupanger produserer. Det er vegg-, golv- og takelement som blir heist på plass og skrudd saman i høgt tempo.

Denne byggemåten er med på å korte ned byggetida. Dei to høgdene er under tak innan ei veke etter at monteringa starta.

 

Ein betongerstattar

Golva er bygd med holdekker i tre, ein «betongerstattar» som er bygd opp med sidestilte fagverksbjelker.

– Vi byggjer vanlegvis element sjølv til eigenregi, men her trong vi meir enn vi kan levere. Sidan Jatak er med på eigarsida, var det naturleg å nytte element frå deira produksjon, seier Loftesnes.

nbh_sogn_takelement_o-tufte_n
Holdekker av tre er også brukt som takelement. (Foto: Odd Tufte, Jatak Kaupanger)

 

Effektivisert i planlegginga

Den daglege leiaren trekker fram ein stor fordel av samarbeidet med elementbyggaren Jatak:

– Fordi vi planla prosjektet saman, såg vi at den akseløysinga som var planlagt, i lengderetninga av bygget, ikkje ville vere gunstig i produksjonen. Difor vendte vi aksene på tvers av bygget slik at bering kunne ligge der vegger skulle stå. På den måten får vi også meir rasjonell produksjon på byggeplassen, seier Loftenes.

Nordbohus står for bygginga av bustadene, ein storentreprenør har jobben med butikken.

– Vi har eigne folk og innleigde handverkarar til å gjere tømrararbeidet. Montering av elemement er det heilt greit å nytte innleigde til, seier Loftesnes.

 

I gang med nytt bustadfelt

I haust åpna Nordbohus Sogn salet i bustadfeltet Bråtane som ligg fem minutt frå Kaupanger sentrum. Grunnarbeida til dei to første firemannsbustadane var i gang i slutten av august. Dei er planlagt ferdig til jul, med innflytting til nyttår.

Feltet har plass til omkring 100 einingar, og det er planar om å bygge einebustader, rekkehus og firemannsbustader.

Feltet blir bygd ut i eigen regi, einskilde tomter blir selde til kundar, men bygginga skal utbyggarfirmaet stå for.

Bustadene får flott utsikt her på Bråtane, seier Dag Loftesnes. I feltet er det planar om 100 einingar, einebustader, rekkehus og fleiremannsbustader.
Bustadene får flott utsikt her på Bråtane, seier Dag Loftesnes. I feltet er det planar om 100 einingar, einebustader, rekkehus og fleiremannsbustader.

 

Fakta: Nordbohus Sogn

Nordbohusforhandlar sidan 2000.
17 tilsette, 10 tømrarar. Bygger 20-25 nye bustader årleg, ofte med eigenproduserte element. Bustader blir bygd på oppdrag og eigen regi. Første leilegheitsbygg starta i august i år.

Marknad i Sogndal med nabokommunar.
Artikkelen er henta frå Byggmesteren nr. 8-16 som du kan bestille her

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *