Statssekretær Dag-Henrik Sandbakken er oppteken av å sikre forbrukarane sine rettar med dei nye reglane for uavhengig kontroll i byggjesaker. (Arkivfoto: Dag Solberg)

Uavhengig kontroll gjev betre bygg

Dei nye reglane for uavhengig kontroll i byggjesaker blir innført frå 1. januar 2013.
– Eg er oppteken av å sikre forbrukarane sine rettar. Ordninga vil gje betre bygg og tryggleik mot useriøse føretak, seier statssekretær Dag-Henrik Sandbakken.



Innføringa av uavhengig kontroll inneber at eit profesjonelt og uavhengig føretak skal kontrollere fuktsikring og lufttettleik i småhus, samt brann- og konstruksjonstryggleik i større bygg. Først når bygget er kontrollert kan byggjeprosjektet erklærast ferdig.

 

Kvaliteten viktig

– Å kjøpe ein bustad er den største investeringa dei fleste gjer. Då er det viktig at kvaliteten er god, seier Sandbakken.

Dette er eit fagområde der det ofte skjer feil.

Desse feila kan gje store konsekvensar både for samfunnet og den einskilde forbrukar.

– Byggjefeil kostar oss milliardar kvart einaste år. Uavhengig kontroll vil gjere det vanskelegare for useriøse føretak å få tilgang til marknaden.  Dette er òg eit tiltak i kampen mot svart arbeid, seier Sandbakken.

Uavhengig kontroll vil medverke til å sikre både kvalitet i byggjesak og like konkurransevilkår for føretaka. I dag er det opp til den einskilde kommune om det skal vere uavhengig kontroll i byggjesaka.

 

I dialog med næringa

Dei nye reglane vil gjelde over heile landet og difor gje meir føreseielege tilhøve for alle partar. Endringane inneber at saksbehandlinga blir enklare for føretak og kommunar.

Ein har venta med å innføre uavhengig kontroll for å gje føretak og kommunar tid nok til å førebu seg. Departementet har nytta tida til å gå i dialog med byggjenæringa for å gjere reglane enklare og klarare.

Kommunane kan i ein avgrensa periode gjere unntak i særlege høve frå reglane om uavhengig kontroll for å få til ei smidig byggjesakshandsaming.

Rettleiinga om ordninga blir ferdig innan nokre dagar. Då blir den  lagt ut på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *