– Vi må sikre at det er på plass nok kontrollføretak til å føre ein forsvarleg kontroll i alle delar av landet. Difor vil vi forenkle prosessen for godkjenning av desse føretaka. Vi vil vere viss på at det er ei trygg og robust ordning som blir sett i verk frå årsskiftet, seier statssekretær Dag-Henrik Sandbakken i Kommunal- og regionaldepartementet.
Sleppe førehandskontroll
Mellom anna skal føretak som har sentral godkjenning sleppe førehandskontrollen ved lokal godkjenning.
Kommunane skal i ein overgangsperiode på eit år ha høve til å gje unntak frå kravet om kontroll under visse føresetnader. Alle delar av byggjenæringa har vore med i prosessen for å finne dei nye forenklingstiltaka.
Rom for fleksibilitet
– Reglane skal gje rom for fleksibilitet slik at byggjeprosjekt ikkje stansar opp og gjev eigar og samfunnet økonomiske ekstrakostnader, seier Sandbakken.
Les også: Utsetter kontrollen igjen