BATE i Rogaland er eit av dei bustadbyggelaga som nyttar tilskot til tilstandsvurdering. (Illustrasjon: BATE)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Midlar igjen til bustadselskap som vil oppgradere

For bustadselskap med seks eller fleire bustadar dekker Husbanken inntil 50 % av kostnadane ved ei tilstandsvurdering, i tillegg til utarbeiding av ein plan for å oppgradere til dagens standard.

For 2016 er det ennå reserverte midlar igjen til dette formålet. Difor anbefaler vi alle bustadselskap som planlegg å gjennomføre ei tilstandsvurdering å søkje i år for å være sikra tilskot.

For at søknadane skal gjelde for 2016, må dei vere sendt inn før 10. desember.

Eineståande tilbod til burettslag og sameiger

BATE i Rogaland er eit av dei bustadbyggelaga som nyttar tilskot til tilstandsvurdering for å lage vedlikehalds- og oppgraderingsplanar for sine burettslag og sameiger. Jostein Hauge, som er teknisk sjef i BATE bustadbyggelag, seier tilstandsvurderinga er noko deira bustadselskap har hatt stor nytte av:

– Det vi ser er at ordninga bidreg til lågare terskel og får styra motivert til å igangsette tilstandsvurdering og utarbeiding av vedlikehaldsplanar. Ei god tilstandsvurdering gjev grunnlaget for at ein kan ta vare på bygget og auke både brukarvenlegheit, komfort og verdien til bustadane», fortel Hauge.

 

 

– For styrene er dette spesielt viktig sidan dei har ansvaret for å ivareta verdiane i bustadselskapa. Tilstandsvurdering gjev dei god oversikt over tilstand, ein plan for vidare forvaltning og ein forutsigbar økonomi for anbefalte vedlikehald- og oppgraderingstiltak. Den gjer også at mange styrer får opp auga for verdien av betra tilgjenge og energieffektivisering, utdjupar Hauge.

Les meir om tilskotsordninga i rettleiaren

For deg som vil oppgradere bustaden tilbyr vi i Husbanken også inntil 100 prosent finansiering av dette gjennom grunnlån til oppgradering. Les meir om låneordninga i rettleiaren.

Grunnlånet har ei gunstig rente. Frå november av er flytande rente på 1,51 prosent, mens fast rente over tre år er på 1,302 prosent.

Har du spørsmål angåande ordninga ta kontakt med Husbanken, på telefon 55 30 66 00 eller på e-post til post@husbanken.no, så vil vi kunne hjelpe deg vidare i søknadsprosessen.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *