Fellesareal som fremjer tryggleik og betre naboskap, samt god universell utforming, gjer at Husbanken har gitt prosjektet forbildestatus.
Fellesområde for godt naboskap
Husbanken gir lån til nybygg som har ekstra gode kvalitetar innan både universell utforming og energi og miljø.
Nokre prosjekt oppnår forbildestatus frå Husbanken fordi dei har strekt seg lengre enn krava når det gjeld bustadkvalitet og kan inspirere andre til å tenkje nytt. Kvednatunet utanfor Haugesund, oppført av utbyggar Øystein Grønhaug og teikna av arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke, er eit slikt prosjekt.
– Dette er eit forbilde på god bustadkvalitet. I prosjektet Kvednatunet har ein vald løysingar som gjev tryggleik og trivsel og som skapar eit brukevenleg og universelt uforma bumiljø, seier regiondirektør Mabel Johansen i Husbanken.

Spesielt utforming av uteområda gjer Kvednatunet til eit forbilde. Prosjektet er knytt tett opp til det lokale turområdet Djupedalen, og med opne grøne uteareal er bustadområdet inkluderande også for dei som ikkje bur der.

Det er mellom anna opparbeidd eigne gang- og sykkelvegar og gode og opne fellesareal med benkar, leikeplass, boccia-bane, lett tilgjengeleg sykkelparkering og grøne parkområder. Dette legg til rette for at ein kan bli betre kjend med naboen, utover det sedvanlege nikk og «hei» når ein passerer kvarandre i oppgangen.
Gjer universell utforming naturleg
I Kvednatunet er universell utforming ein naturleg og inkludert del av bustadområdet. Det gjev god framkomst, orientering og vegfinning. Skiljet mellom brustein og gras lagar naturlege leielinjer frå parkering til inngangsparti.
Samstundes gjer låg pullertbelysing langs ved gangvegen, indirekte lys frå leilegheitene og god lyssetting av inngangspartiet det lettare å ferdast også etter det har blitt mørkt.

Husbanken vil ha fleire forbilde
Bustaden er utgangspunktet for det meste ein gjer i livet. God bustadkvalitet er viktig for alle og ein faktor for god livskvalitet. Husbanken er difor på utkikk etter fleire prosjekt som kan inspirere utbyggjarar til å strekke seg lenger.
– Vi vil gjerne har fleire forbildeprosjekt som Kvednatunet!, seier regiondirektøren.
Kjenner du til eit prosjekt som kan være eit godt forbilde? Ta kontakt med Husbanken!
Les meir om Husbankens grunnlån her
Sjå andre forbildeprosjekt her