Soria Moria, T. Kittelsen (Foto: Falt i det fri/Public domain)

Askeladden i ny drakt

Kulturminne- og kulturmiljødatabasen Askeladden skal bli ny. No kan du teste første versjon!

 

 

Askeladden er heile Noregs database for kulturminne og kulturmiljø.

Bedre kulturminnesøk

Den brukast av kommunar, fylkeskommunar, utbyggjarar, og mange andre profesjonelle brukarar. Her får dei informasjon om kulturminne og kulturmiljø som er freda, verna, eller vurdert som verneverdige i Norge. Data frå Askeladden er også tilgjengeleg for alle via karttenesta Kulturminnesøk.

Foreløpig tilbyr løysinga kun lesetilgang (innsyn), men Riksantikvaren arbeider kontinuerleg med å utvikle og lansere ny funksjonalitet. Målet er å gjenskape og forbedre det du treng frå den gamle løysniga – og meir til.

Her kan du teste løysinga – beta.askeladden.ra.no

Riksantikvaren er avhengige av tilbakemeldingar for å gjere Askeladden så god som mogleg. De sett difor stor pris på at alle som no testar melder tilbake på stort og smått av endringar som bør kome i den nye løysinga

Viktig informasjon om SEFRAK

SEFRAK vil i løpet av kort tid kun vere tilgjengeleg i ny løysing. Det gjeld både skannede Sefrak-skjema og kartlaget Sefrak.

Den gamle løysinga, askeladden.ra.no, er framleis tilgjengeleg og vil leve side om side med Askeladden-beta til all nødvendig funksjonalitet er på plass. Du må framleis bruke den gamle løysinga til:

  • Registrering av nye, og redigering av eksisterande kulturminne og kulturmiljø
  • Avansert søk
  • Laste opp eigen shape fil
  • Eksportere søketreff i kart til excel
  • Prosjektinformasjon
  • Andre funksjonar som endå ikkje er lansert i Askeladden-beta

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *