Staalesen er spesialrådgjevar i LO, har bakgrunn frå bank og finansnæringa og har ei rekke styreverv i organisasjonslivet.
Må sette søkelys på arbeidslivets skuggeside
– Fair Play Bygg er ein spennande organisasjon. Dei får mykje ut av relativt små ressursar og fyller eit tomrom mellom offentlege etatar, arbeidslivets organisasjonar og frivillige organisasjonar, seier Staalesen.
– Sjølv om arbeidslivet i all hovudsak skjer i ordna former, har Fair Play Bygg vist, og sett søkelys på arbeidslivets skuggeside. Skattekrim, lønstjuveri, farleg arbeid, konkurskriminalitet og kvitvasking er saker Fair Play Bygg avdekker og varslar om. Dei grøvste tilfella bør bli karakterisert som menneskehandel. Slikt arbeidsliv må ikkje få utvikle seg i Noreg, derfor sa eg ja til å stille som styreleiar i organisasjonen seier Staalesen.
– Det er viktig med god kunnskap om arbeidslivet når politikken blir utforma. Fair Play Bygg kom nyleg med ei rekke framlegg til tiltak vi ber regjeringa vurdere når ho skal utforme ny handlingsplan mot a-krim. Eg er glad for at politikarar både på høgre og venstresida forstår at Fair Play Bygg er ein organisasjon som kan bidra med viktig informasjon og analyser.
Fair Play Bygg Noreg er i vekst
– Fair Play Bygg er eit flott døme på kva ein kan få ut av partsamarbeidet mellom arbeidsgivar- og arbeidstakarsida. Organisasjonen er i felten og får kjelder og informasjon som ikkje er tilgjengeleg for offentlege etatar. Dette er nok grunnen til at LO-kongressen nemner organisasjonen som ein viktig samarbeidspartnar, avsluttar Staalesen.
Fair Play Bygg Noreg er i vekst. Det er regionale avdelingar av organisasjonen over nesten heile landet. I 2024 sendte dei regionale avdelingane 1023 varsel om a-krim til offentlege etatar. Nyleg vart det etablert ein ny avdeling i Møre og Romsdal. Det er no 8 regionale avdelingar. Dette er:
- Fair Play Bygg Østfold
- Fair Play Bygg Oslo og omegn
- Fair Play Agder
- Fair Play Bygg Rogaland
- Fair Play Bygg og anlegg Vestland
- Fair Play Møre og Romsdal
- Byggebransjens Uropatrulje (Trøndelag)
- Fair Play Bygg og anlegg Nordland
Rune Furunes er valt som ny nestleiar. Han er bygg-ingeniør og dagleg leiar i Byggmester Geir O Furunes, ei medlemsbedrift i Trondhjems Byggmesterlaug og NHO Byggenæringen.
– Som arbeidsgivar blir eg frustrert over andre firma som kan dumpe prisane. Dette er særleg synleg i privatmarknaden, men også i proffmarknaden, til og med på offentlege prosjekt. Vi løner våre tilsette godt over minsteløn, gode fagfolk skal ha god løn. Men eg forstår ikkje korleis desse useriøse bedriftene kan vinne anbod, betale skattar og avgifter og ha ei løn i samsvar med minsteløna. Det går ikkje opp, seier Furunes.
Furunes fortel at selskapet har vore støttemedlem til Byggebransjens Uropatrulje i fleire år og ser konkrete resultat av arbeidet.
– Det er fint å kunne bidra til eit viktig arbeid for næringa, avsluttar Furunes.