– Dette var jækla moro, gliste Andreas lykkeleg frå scena etter kåringa. Mot slutten på konkurransen var han litt skeptisk til om det gjekk bra.
Les også: Syv tømrerlærlinger klare for Yrkes-NM 2025
– Eg byrja på porten i staden for å kle ferdig veggen, og så vart eg ikkje ferdig med porten heller. Eg har brukt mykje tid på detaljar, fortel han, og var absolutt ikkje sikker på medalje.

Han liker best å byggje hus litt utan om det vanlege, med eksklusive materiale og krevjande detaljar. Ikkje akkurat det som er oppgåva her – ei enkel bod med eit lite vindauge, labankdør og saltak.
Krevjande dømming
Dommar Terje Skjeldestad underviser til vanleg ved bygg og anlegg på Sogndal vgs, onsdag går han og ein annan dommar litt diskret rundt dei seks kandidatane, ikkje for nær. Då kan dei bli nervøse, meiner Skjeldestad.

– Ser du han der? Han peikar på Andreas, som kostar rundt boda si.
– I tillegg til metode, effektivitet, resultat og korleis dei jobbar, ser vi og på kor flinke dei er til å rydde rundt seg undervegs. Og som Andreas sjølv seier etter seremonien; det er viktig å ha det ryddig rundt seg, elles er det lett å snuble.

– Vi har ein jobb å gjere for at fleire skal velje byggfag, seier dommaren, som og sit i prøvenemnda
– For mange unge vel yrkesveg ut i frå løn og status. Men det er eigentleg berre to ting som er viktige; at du har ein jobb du trivast i og ei god seng.
Nervøse tilskodarar
Torsdag føremiddag har tempoet auka, sjølv om alle seks tømrarlærlingane framleis verkar rolege. Det er meir nervar blant følgjesveinane og nokre foreldre, som og er med. Mathias Foyn Wahlqvist er følgjesveinen til Andreas, og ser uroleg på klokka.

– Eg såg lysare på det i går… Ti minutt igjen, Andreas!

Også arbeidsgjevaren til Andreas er med, bygg- og tømrarmeister Torolf Stenersen sit eit stykke unna og bit neglar, det er fem minutt igjen til det magiske klokkeslettet 11.45.
Krevjande, men vellukka
Det er første gong Yrkes-NM vert arrangert utanfor dei store byane. Det har vore krevjande, men alt har gått på skjener desse dagane, fortel Bjørnar Valstad, dagleg leiar for WorldSkills Norway. Det såg stygt ut under rigging av arenaen og oppsettinga av telta, det regna konstant, slik det ofte gjer i Førde.

– Men alt har gått på skjener. Folk er veldig nøgde. Kring 7 000 besøkande har vore innom, nokre elevar heilt frå Hordaland, fortel han. Men om det blir nye arrangement på små stader som Førde, er han usikker på.
