(Foto: Valdres Folkemuseum)

Skal arbeidet bli bra må du ha reidskap som bit

Valdres Folkemuseum inviterer til helgkurs i sliping 21. og 22. februar med tømrermester Håvar Aabol som hovudinstruktør.

Altfor ofte er det dårleg egg på øksa eller kniven. Slik treng det ikkje å vera!

Gode faginstruktører

Valdres Folkemuseum inviterer handverkarar til slipekurs på museet 21. og 22. februar. Tømrermester Håvar Aabol er hovudinstruktør og vil læra bort korleis me får det gode bete me er på jakt etter. Håvar held til dagleg på med lafting og anna tradisjonshandverk og er avhengig av at reidskapen er skarp og god.

Museumsbonde Fredrik Calmeyer kjem innom og vil visa oss korleis han får godt bet i ljåen ved å banka han. Ein teknikk som er lite kjent, men som gjer at enga legg seg som ho skal. Dei som vil kan få prøva seg på dette.

Instrumentmakar Knut Oppheimsbakken vil visa litt av det han kan om sliping, og viser kor viktig godt bet er når han held på med instrumentmaking. Sikling er eit viktig verktøy, og han viser korleis han arbeider med denne slik at han får overflater me tidlegare berre har drøymt om.

Kurset vil gå føre seg på Valdres Folkemuseum  21. og 22. februar, 9.00 til 15.00

Pris: Kr 2.000, (rabattpris: 1.800, for medlemmer av Verne-Vøla og dei med årskort til Valdresmusea).

Ungdomspris: Kr.1.000,-

Det vert servert dugurd båe dagane.  Ta med det du vil ha slipt, økser og knivar, sakser og høvlar. Museet har slipeutstyr du kan bruka. Det blir også mogleg å kjøpa litt forskjelleg, både slipestein og bryne.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *