Det har vært stor interesse for forsøket. 28 kommunar, både byar og distriktskommunar, har søkt om å få være med. (Illustrasjonsfoto: Byggmesteren)

19 kommuner skal teste ny låneordning

19 kommuner skal nå i gang med forsøk med startlån for å hjelpe noen få flere inn på boligmarkedet.

I oktober opna Husbanken for at kommunar kunne søkje om å vere med i forsøk med startlån. Forsøket legg til rette for at kommunane kan gi startlån til personar som er noko betre økonomisk stilte enn dei som får startlån i dag.

Flere kommuner med i 2025

Regjeringa har sett av 500 millionar kroner til forsøket i 2024.

– Eg er svært glad for at kommunar frå Arendal i sør til Nordkapp i nord skal i gang med forsøk med startlån. No startar jobben i kommunane med å få pengane ut til dei som etter fleire år med sparing ikkje har fått lån til bustadkjøp, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Det har vært stor interesse for forsøket. 28 kommunar, både byar og distriktskommunar, har søkt om å få være med. Fleire kommunar har varsla at dei vil vere med i forsøket frå neste år.

– Husbanken har vurdert søknadene fra kommunane grundig, og ser fram til å følge opp startlånarbeidet framover, både i dei 19 kommunane som har fått tilsegn i år og dei som vel å søkje i 2025, seier administrerande direktør i Husbanken Jan Hjelle.

Øker satsingen neste år

Allereie 6. januar opnar Husbanken for nye søknader frå kommunane for forsøk med startlån. I 2025 har regjeringa føreslått å sette av om lag 1 milliard kroner til satsinga.

– Forsøket inngår i den største satsinga på Husbanken i nyare tid. Regjeringa har auka låneramma til Husbanken med over ti milliardar kroner sidan vi tok over etter Høgre og Framstegspartiet. Startlån utgjer den største delen av låneramma og er det viktigaste verkemiddelet for å hjelpe fleire inn på bustadmarknaden, seier Sande.

Oversikt over kommunane som har fått tilsegn om midlar til startlån til førstegongsetablerarar:

Kommune Tilsegn (millionar kroner)
Oslo 50
Nordre Follo 30
Trondheim 50
Hamar 50
Stavanger 113
Tromsø 12
Ringerike 50
Bodø 20
Indre Østfold 25
Arendal 20
Øygarden 20
Nordreisa 10
Austrheim 10
Nordkapp 10
Bremanger 15
Gamvik 5
Høylandet 3,4
Lom 2
Luster 4,6

Kommunane i oversikta må vedta budsjett før dei får startlånmiddel frå Husbanken og kan gje lån til innbyggjarane sine.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *