Kurset er avholdt tidligere med stort utbytte. Deltakere som vil være med, må skynde seg fordi påmeldingsfristen er 23. september, skriver Valdresmusea.
Tømmer i skogen blir materialer til hus
I løpet av kurset ser me på variasjonane i ein skog i Øystre Slidre og eit skogsområde langt vest i Valdres, i Vang. På båe plassane kan me venta oss å finna seinvokse virke av god kvalitet. Men kva finn me kvar? Kva kan me lesa av treet når det står på rot, kva type materialar kan me få av desse ranke flotte gran- og furu-stammane.
Kva kan den krokete furua nyttast til? Og kva kan lauvtre brukast til, anna enn til ved? Til å bygge av? Sikkert er det ivertfall at slike har vore til god nytte i det daglege i eldre tider. Når på året skal hogst skje, og kor gamalt bør treet vera? Og kva er god materialkvalitet?
Det blir diverse aktivitar i skogen; felling med øks og svans, teljing og saging, bål og vandring i skogen.
Kveldssamling
Kurset «Skog og materialkvalitet» finner sted i to skogsområde med ulik bonitet, i Øystre Slidre og Vang. Det blir og kveldssamling på Valdres Folkemuseum 3.oktober med biolog og skogeigar Tanaquil Enzensberger.