Kommunane kan søke Husbanken om tilskot til energitiltak i utleigebustader. (Illustrasjonsbilde: Husbanken)

Oppmodar kommunar til å oppgradere utleigebustader

– Ramma for tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar er brukt opp, men kommunane kan framleis søke om tilskot til energitiltak i kommunale utleigebustader, seier Husbanken.

Husbanken har framleis tilskot som kommunane kan nytte til å gjere sine utleigebustader meir energieffektive. I tillegg til å spare utgifter til energi, vil slike oppgraderingar auke standarden i bustadene og gjere det betre for dei som bur der.

Det er tilskot att

Husbanken har totalt 400 millionar kroner i tilskot til energitiltak i kommunalt disponerte utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar i 2024. Per 20. august er det gitt tilsegn på energitiltak som omfattar over 900 omsorgsbustader, 2300 sjukeheimsplassar og 1060 utleiegebustader.

Ramma for tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar er brukt opp, men kommunane kan framleis søke om tilskot til energitiltak i kommunale utleigebustader.

– Tilskotet skal gå til tiltak som reduserer behovet for kjøpt energi og til tiltak som produserer eigen, fornybar energi. Eksempel på tiltak er etterisolering av ytterveggar, utskifting av vindauge, varmepumper og solceller, seier seniorrådgjevar Berit Nyland i Husbanken.

Tilskotet blir berekna ut frå normerte verdiar for kva det kostar å gjennomføre tiltaka. Maksimalt tilskot per prosjekt er fem millionar kroner.

– Det er mogleg å søke om tilskot til fleire prosjekt. På husbanken.no finst ein kalkulator som kan brukast til å utforske kor mykje kommunen kan få i tilskot til planlagde tiltak, fortel Nyland.

Tiltak må ferdigstillast innan eit år

Det er ingen søknadsfrist for tilskotet, men Husbanken oppmodar kommunar til å søke snarast mogleg via søknadsløysinga på husbanken.no.

– Husbanken behandlar søknadene fortløpande så langt tilskotsmidla rekk, seier Nyland.

Når kommunen har dokumentert at tiltaket er gjennomført i samsvar med vedtaket, vil Husbanken utbetale tilskotet. Beløpet som blir utbetalt er maksimalt 50 prosent av dei faktiske kostnadene i prosjekta. Kommunane som får tilsegn om tilskot i 2024, skal normalt ferdigstille tiltaka slik at tilskotet kan bli utbetalt innan eitt år frå tilsegnet er gitt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *