Sigbjørn Gjelsvik. (Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Gjelsvik satsar på meir bustadbygging i distrikta

Meir bustadbygging og Husbanklån spesielt til distriktsbustader, er blant tiltaka i distriktsmeldinga som regjeringa la fram tysdag.   

– Meldinga byr på ein brei tiltaksmeny for å få folkevekst i norske distrikt, fortel kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i ei pressemelding.

– Offentlege arbeidsplassar over heile landet, arealpolitikk tilpassa lokale tilhøve, enklare og rimelegare kommunikasjon og meir bustadbygging er blant tiltaka. Målet er at folketalet skal auke i distriktskommunane. Alle lokalsamfunn skal kunne utvikle seg og skape verdiar, seier Gjelsvik.

Les også: Gjelsvik presses på spredt boligbygging

 

I stortingsmeldinga «Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida» legg regjeringa grunnlag for ein ny og forsterka distriktspolitikk.

 

Kommunane friare i arealpolitikken

Blant retningslinene meldinga trekker opp, er større fridom til kommunane i arealpolitikken:

– Mykje av arealpolitikken har vorte utforma med bakgrunn i situasjonen i pressområda rundt dei største byane. Mange stader er det ikkje stort press som er utfordringa, men å få folk til å busetje seg og skape aktivitet. Difor går vi inn for at kommunane skal få bestemme meir sjølv og ei større vektlegging av regionale og lokale tilhøve. Slik skal kommunane få høve til å leggje til rette for ny vekst og sterkare utvikling.

Les også: Det er viktig at dere får bygge utenfor knutepunktene

Enklare å byggje og bu i distrikta

For å få folk til å verte buande og å busette seg i distrikta, trengst det attraktive bustadar og gode bumiljø.

– I budsjettforliket auka vi låneramma til Husbanken med 3 milliardar kroner. Vi vil vurdere om ein større del av låna frå Husbanken skal gå til bustadbygging i distriktskommunar, særleg i dei minst sentrale kommunane, seier Gjelsvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *