Gjennom tidane har eigarane ved Odals Værk lagt mykje vekt på hageanlegget. I dag er det godt bevart. (Foto: Cathrine Skredderstuen/Riksantikvaren)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Fredar heile Odals Værk

Riksantikvaren fredar bruket Odals Værk i Innlandet. – Dette er eit sjeldan godt bevart døme på eit stort og viktig anlegg i Innlandet, med spor frå næring og levd liv dei siste 200 åra, seier avdelingsdirektør Turid Kolstadløkken.

På slutten av 1600-talet fann dei jernmalm i grunnen under Valstad gard, og her vert seinare Odals Værk etablert. Verket ligg i Sør-Odal kommune, ikkje langt frå Glomma, og med skog og vassdrag i nærleiken var det lettvint å skaffe energi til verksemda.

Viktig del av Odalens historie

– Vi fredar både bygningar, hageanlegg og område rundt verket, seier Kolstadløkken. – Verket har spor etter fleire sosiale lag som var knytta tett til drifta. fredinga vil gjere Odals Værk synleg som ein viktig samfunnsbyggjar i si tid og ein stor arbeidsplass med lang historie i Sør-Odal.

Verksemda vaks fram som eit eige samfunn, med jernverk, sagbruk, landbruk med 65 husmannsplassar og treskelåve, teglverk, brenneri og bryggeri og tilhøyrande skule og fattigvesen.

Storgarden Odals Værk slik den var i 1922.

– Det er viktig å ta vare på husmannsplassen Nordre Vika som eit døme på kor vesentleg husmannsvesenet var for verksemda, understrekar Kolstadløkken. – I alt har anlegget store kunnskaps- og opplevingsverdiar.

Den allsidige næringshistoria er godt synleg i verkets store og vel bevarte bygningar samt uteområda. I dag er Odals Værkeit aktivt gardsbruk med vekt på skogsdrift.

– Odals Værk har ei stor og spanande industrihistorie, seier ordførar i Sør-Odal kommune, Knut Hvithammer, medan det også er ein viktig og vakker jord- og skogbrukseigedom. Odals Værk dokumenterer ein svært viktig del av Sør-Odals historie og identitet. Fredingsvedtaket er difor viktig for framtidas generasjonar som kan ha glede av dokumentert kunnskap om fortida.

I ei freding er alltid eigarane særs viktige. Det er dei som skal vedlikehalde og ta vare på eigendommen vidare.

– Vi har hatt eit fint samarbeid med Riksantikvaren fram til og med fredinga, seier Christine Opsahl. At heile anlegget no er freda, motiverar og forpliktar oss som eigar til å sikre at Odals Værk lev videre som eit kulturminne til glede og oppleving for kommande generasjonar.

Historia til verket

På jernverket produserte dei ei rekkje små og store produkt, som til dømes omnar, spiker og kanonrør. Verket blomstra i tida frå 1764 og til 1823, men i 1835 vart jernverket avvikla og drifta retta meir mot dei andre næringane på eigedomen.

Hovudbygningen og dei to sidebygningane på verket vart freda allereie i 1941. Dei store grøntanlegga rundt viser eit tidsspenn på knappe 200 år, med spor av formale hagestilar, romantiske landskapsparkar, samt anlegg med nyklassisistisk preg. I dag er grøntanlegga forenkla samanlikna med tidlegare.

Den kinesiske paviljongen i Sør-Odal. I den historiske hagen står det ein kinesisk-inspirert paviljong. (Foto: May Britt Håbjørg, Riksantikvaren)

– Hagane og parkane ved Odals Værk speglar en lang periode med skiftande ideal, og både enkeltvis og samla har grøntanlegga ved Odals Værk stor hagehistorisk verdi, forklarar Kolstadløkken.

Kruthuset på Odals Værk er ein av de få bygningane som står att etter jernverksverksemda. I kruthuset vart krutet oppbevart sikkert. (Foto: Cathrine Skredderstuen/Riksantikvaren)

Kruthuset og kornmagasinet er, i tillegg til hovudbygningane, dei einaste bygga som står att frå jernverksperioden. Dei er difor viktige å ta vare på, saman med driftsbygningar som bryggerigang og bryggerikjellar, treskelåve og låve for å vise den mangfaldige drifta ved verket. Fredinga omfattar også delar av innsjøen Fløyta, som var demma opp slik at vasskrafta kunne nyttas til drifta. I tillegg vert snikkarbua og reiskapsbua med jordkjellar freda.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *