(Illustrasjon fra boka)

Ny laftebok om tradisjon og framtid for laft

No kjem det fjerde og siste bandet i serien om det å lafte. Men siste ord er ikkje sagt om bygging med tre, meiner forfattarene, tre nestorar på det feltet.

Saman har Jon Bojer Godal, Henning Olstad og Steinar Moldal skrivi dei fire banda i serien «Om det å lafte». Dei legg vekt på at lafting og bygging med tre har framtida for seg.

Det siste kapittelet i boka underbygger det, det handlar om ein ny laftemetode som vert kalla Roten-laft.

Jon Bojer Godal med andre bind «Om det å lafte».

Forsking og prøving

Band 4 «Om å lafte», har undertittelen «Frå fortid til framtid» og kjem ut på Fagbokforlaget, som  dei tre første banda.

Dei fire bøkene i serien byggjer i høg grad på aktivitet. Vi har bygd lause hjørne, og vi har bygd HUSET som no står på Hjerleid handverksskole og er i tre delar: loft, stuggu og bakstuggu, framgår det av ei pressemelding.

 

God dokumentasjon

Ein del av bygginga har vore det vi kan kalle studiebygging, og ein del har vore kurs. Den endelege oppstillinga vart arrangert som kurs, men der samstundes heile prosessen var fotografert og filma (video). Det ligg såleis føre eit stort materiale som kan nyttast i ymse samanhengar. Videosnuttar til bruk i opplæring kan bli eit neste steg.

Denne boka har ni kapittel. Kapittel 1 dreiar seg om oppstillinga av HUSET på Hjerleid handverksskole på Dovre. Kapittel 2 handlar om det ikkje-synlege verktyet som tømraren nyttar seg av i arbeidet med å skapa eit hus. Kapittel 3 er framlegg til opplæringslaup for tradisjonshandverkarar i tre og med døme laft som spesialitet i den siste enden av opplæringa.

Om buret – ein del av tunet

Kapittel 4 handlar om buret. Det er eitt av husa i tunet og eitt av husa i HUSET Bur har i dag mist funksjonen sin. Difor er det ein forklarande gjennomgang. Dei gamle buplassane er knytte til visse slags landskapsformer, og dette går att i nemninga på gardar. Kapittel 5 dreiar seg om legging av hus og tun i lendet og ord knytte til landskapsformer.

 

Om bygningsvern og gode material

Vi har ein bygningsarv å taka vare på. Difor har vi bygningsvern. Kapittel 6 gjer freistnad på ein prinsipiell gjennomgang. Bygningsvernet treng material. Difor er det eit kapittel 7 om skog for vern. Vi har kalla det arveskog. Vi er oppe i ei klimakrise. Skogen vil kunne vera ein stor medhjelpar i å løyse denne. Difor er det eit kapittel 8 om tre for framtida.

Trass i at det å lafte høyrer til dei eldste kjende byggjemåtane, er det framleis mogleg å lage heilt nye variantar. Kapittel 9 dreiar seg om eit nytt slags laft, Roten-laftet. Om dette er den siste boka i denne serien, er det ikkje slutt på å lafte. Det er ikkje slutt på å tenkje framtid for tre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *