(Illustrasjonsfoto: NHO Vestlandet)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

For mange uten læreplass på Vestlandet

556 søkarar har ikkje har fått seg læreplass i Vestland fylke. Det skjer samtidig som behovet for arbeidskraft er stort.

Arbeidslivet i Vestland fylke har meldt inn eit behov for om kring 600 fleire lærlingar.

Det er størst utfordringar med å skaffe læreplassar i fag som helsearbeidarfag, barne- og ungdomsarbeidarfag, industriteknologifag, elektrofag og byggteknikk, skriv fylket i ei pressemelding.

 

Avhengig av fleire fagarbeidarar

– Eg håpar at lærebedriftene no er om seg og sikrar seg lærlingane dei treng. Vi er avhengige av fleire fagarbeidarar framover, og den beste fagutdanninga skjer i dei gode lærebedriftene våre. Ved å ta inn lærlingar får bedriftene også høve til å sikre seg gode medarbeidara i framtida, seier Karianne Torvanger, som er hovudutvalsleiar for opplæring og kompetanse.

Det er ei gledelig auka interesse blant ungdom for å velje praktiske yrke. Søking til yrkesfaglege utdanningsprogram har dei siste åra auka. I år vel 56 prosent av søkarane ei yrkesfagleg opplæring, mot 54 prosent i fjor.

 

Tømrerfaget setter rekord

– I hele Vestland fylke skal det være 15 unge som søker læreplass i tømrerfaget, men alle er nok ikke reelle søkere, mener daglig leder Inge Unneland Bauge i Byggmestrenes servicekontor AS.

– Vi har støvsugd markedet etter lærlinger til våre bedrifter, og har så langt tatt inn over 150. Med fortsatt tre måneder igjen av året, er det med god margin til ny rekord, understreker han.

 

Kvifor får ikkje alle læreplass?

– Det er fleire årsaker til at mange ikkje har sikra seg ein læreplass. Søkar har eit ansvar sjølv for å skaffe seg læreplass, men akkurat no tenker eg at lærebedriftene òg må sjå nøye på om dei kan bidra til at fleire får ein læreplass. Søkar må også vere villig til å reise dit læreplassane er, seier Roger Pilskog, som leiar yrkesopplæringsnemnda i Vestland fylkeskommune.

3 332 har søkt til læreplass i fylket, og 556 står framleis utan læreplass. Mange opplæringskontor og lærebedrifter ynskjer seg fleire lærlingar, men søkarane bur ikkje alltid der læreplassane er. Likevel er det behov for fleire lærebedrifter i heile fylket.

Nye lærebedrifter gir ofte tilbakemelding om at dei hadde blitt lærebedrift tidlegare om dei hadde vore klar over fordelane i lærlingordninga. Bedriftene får som lærebedrift økonomisk tilskot og får sjansen til sikre seg og lære opp gode medarbeidarar for framtida, minner Vestland fylke om.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *