– Det er viktig for meg å kunne sikre dei gamle kyrkjene våre. Som kulturminne står dei i ei særstilling i Noreg. Dei betyr òg mykje for folk som sentrum for livshendingar i by og bygd, seier tru- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Klimaskall og el-anlegg
Samla er det 70 millionar kroner som Riksantikvaren på vegner av staten deler ut denne gongen. Av desse er 21 millionar kroner til tiltak som gjeld elektriske installasjonar.
Det har vore ei auka satsing på istandsetting av gamle kyrkjer. Dei siste tre budsjettåra har regjeringa til saman løyva 172 millionar kroner til sikring av kulturhistoriske kyrkjer rundt om i landet.
Kyrkjene har anten fått midlar til sikring av klimaskall, eller til utskifting og utbetring av el-anlegg. Med «klimaskall» meiner ein alt frå tak, takrenner og beslag, ytterveggar, vindauge og dører, som er dei delane av kyrkjene som er særleg utsette for klimapåverking.
– Kyrkjene er blant våre mest verdfulle kulturminne, både når det gjeld arkitektur, handverk og kunsthistorie. Desse midlane gir mange kyrkjer eit skikkeleg løft i arbeidet med vedlikehald og istandsetjing. Særleg viktig er det at ein no prioriterer dei mange mellomalderkyrkjene, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Om tilskotet
Tilskotet skal dekkje inntil 60 prosent av kostnaden for oppussinga. Kommunane på staden må òg bidra økonomisk. Den øvre grensa for støtte er på 900 000 kroner. Kva for kyrkjer som vert omfatta av støtta, og kva for sikringstiltak som kan gjennomførast, avgjerast mellom anna av kulturmiljøforvaltninga og kyrkjelege instansar i samråd.
Komplett oversikt over alle kyrkjer og arbeider finner du her.