Jon Bojer Godal. (Arkivfoto: Dag Solberg)

Forflata etteraping av «handlingsboren kunnskap»

Opphavsmannen til uttrykket «handlingsboren kunnskap» meiner det er ei forflating når kunnskapsministeren seier det i ein artikkel i Byggmesteren nr 3-20.

Språket vårt er rikt, og det gjev vilkår for både tanke og handling. Å kunne det handlar om noko vi kan, noko vi kan  gjera. Det parallelle ordet er å vita. Vi kan vita mykje utan å kunna og vi kan kunna mykje utan å ha djuptgåande vitande om det vi gjer.

Les også: – Håndbåren kunnskap skal bli viktig igjen

I tysk er det like eins.  Der talar dei om kønnen und wissen. Engelsk har mist denne distinksjonen og det har smitta over i norsk slik at mange i Noreg no talar om kunnskap og meiner det å vita, det vi veit, vitskap eller vitande).

Då vi i 1993 på Lillehammer drøfta innføring av eit praktisk kunnande i høgskolesystemet, kjende vi på at det var litt mangel på ord. Vi togg litt på det norske maksel, det som går att i ord som skomakar, hattemakar og rokkemakar. Det er eit godt ord. Det å kunne, er knytt til å maksle, til eit utøvande. Maksel er også uttrykk for karakter på ein ting (ein båt, eit hus, ein sko). Ordet dekkjer både prosess og produkt. Diverre er dette gode ordet fjernt for folk flest i dag.

I litteraturen fanst uttrykket taus kunnskap. Det er ei dårleg omsetjing frå tacit knowledge, taktil kunnskap. Det taktile er med i handverk, men den utøvande kunnskap er meir enn å kjenne (sanse).

I alle handverk er rekkefølgjekunnskapen ein viktig del. Like eins som det å ha øvde rørsler, å kjenne, sjå og forstå. Heile handlingsmønsteret er viktig, og det krevjast lang trening for å bli god.

Vi sat og togg på desse orda. Eg tumla meg frampå med at vi kanskje kunne kalle denne handverksrelaterte aktive kunnskapen for handlingsbunden. Nei, sa Magne Velure, kunnskapen er ikkje bunden, men han er boren av handlingsmønsteret. Svaret vart handlingsboren kunnskap.

Sjølve ordet er litt underfundig. For det første peikar det på at det bur kunnskap i handlingsmønster. Ja, kanskje er det nettopp handlingsmønsteret som er det sentrale i alle handverk. Dinest er boren eit ord med dobbelt tyding. Det tyder både at noko er bore, halden oppe. Samsundes seier vi å bera om det å bera fram nytt liv. Fødd og boren.

Ordet peikar såleis på at det å taka til seg handverkskunnskap, er ei slags atterføding av denne kunnskapen i den einskilde utøvaren. Handverkskunnskap er både objektiv og personleg. Dette fangar ordet handlingsboren kunnskap opp.

Såleis er det litt trist å sjå på trykk ei forflata etteraping i uttrykket håndbåren kunnskap, slik som det står i Byggmesteren 3/20 side 10. Det er ikkje i hendene kunnskapen bur, men i handlingane, i handlingsmønsteret.

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *