(Illustrasjonsfoto: GLAVA)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Auke på 24 prosent ga ny rekord for lærekontraktar

I 2019 vart det inngått 23 000 nye lærekontraktar. Dette er ny rekord og ein auke på 24 prosent frå 2012.

– Landet skal byggjast for ei grønare og meir berekraftig framtid, men det skjer ikkje utan lærlingane. Difor vert eg glad for å sjå at så mange ungdommar fekk ein læreplass å gå til i fjor. Samstundes investerer bedriftene i seg sjølve, og det som er framtidas tilsette, seier kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande.

Les også: 8 av 10 fikk lærekontrakt i 2019

Ni av ti består fag- og sveineprøva

I løpet av 2018/19 vart det avlagt 29 000 fag- og sveineprøver, 94 prosent av prøvene vart bestått. Frå 2011/12 har talet på beståtte fag- og sveinebrev auka med heile 26 prosent. I overkant av 27 000 oppnådde fagbrev i 2018/19. 17 100 fekk fag- eller sveinebrev som lærling, 9300 fekk fagbrevet som praksiskandidat, medan 870 elevar fekk eit brev etter fullført fagopplæring i skolen.

– Regjeringa har ei stor satsing på yrkesfag og lærlingar, men vi er ikkje i mål. Framleis er det for mange som slit med å fullføre opplæringa si, eller som ikkje får tilbod om læreplass. Difor er vi i gong med å lage ei ny stortingsmelding om vidaregåande opplæring Her skal vi sjå nærare på korleis vi kan få enda fleire til å begynne i lære for å oppnå relevant yrkeskompetanse og erfaring, seier Skei Grande.

Dei private rekrutterer flest lærlingar

Størstdelen av lærlingane, cirka 73 prosent, fekk opplæring i privat sektor. Medan  kommunal sektor og statleg sektor stod til dømes for cirka 21 og  6  prosent av dei nye lærekontraktane.

– Eg trur at alle er gode til noko, difor vil eg oppmode enda fleire arbeidsgjevarar om å gje ungdommar ein sjanse til å bidra som ressursar på arbeidsplassen. Her gjer næringslivet ein god jobb med å tilby ungdommar lærlingplassar, seier Skei Grande.

Statistikken viser talet på nye lærlingar fordelt på sektor for perioden 2012-2019.

Seks av ni utdanningsprogrammar aukar

I 2019 var det flest nye lærlingar i bygg- og anleggsteknikk og færrast nye lærlingar i naturbruk. For seks av ni utdanningsprogram auka talet på  lærlingar.

Helse- og oppvekstfag har den største auken, med 1400 fleire nye lærlingar samanlikna med 2012. Samstundes er det ein nedgang i utdanningsprogrammet for design og handverk med 200 færre nye lærlingar.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *