Aukar utstyrsstipendet

Stipendet som elevar i vidaregåande opplæring får frå Lånekassen for å dekke nødvendig utstyr, har lenge vore for dårlig tilpassa dei ulike studieretningane. Dette er ein del av yrkesfagløftet.

I dag er stipendet på 2 326 kroner årleg ifølge Lånekassens sider.

– For mange elevar har det vore for stor skilnad mellom utgiftene dei faktisk har og stipendet frå Lånekassen. No aukar vi stipendet med totalt 25 millionar kroner, slik at det skal vere betre samsvar mellom utgiftene elevane har til utstyr og stipendet. Då legg vi endå betre til rette for at unge kan ta ein yrkesfagleg utdanningsveg, seier Sanner.

Ein elev som tek bygg- og anleggsteknikk, vil med dei nye endringane få ein auke på om lag 2000 kroner i året, det vil si 4 326 kroner frå 2020.