Håkon Telnes Fjågesund i midten, fekk i 2018 Kulturminnefondets nasjonale handverkstipend for den store innsatsen han har lagt ned for å tilegne seg kunnskap om tradisjonshåndverk, samt arbeidet med dokumentasjon av eldre håndverkstradisjoner. (Foto: Kulturminnefondet)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Søker kandidatar til handverksstipend

For sjette året på rad lyser styret i Kulturminnefondet ut eit handverksstipend. Nominer din kandidat før 15. august!

Stipendet er på 50.000 kroner, og vedtak om tildeling vert gjort av styret i Kulturminnefondet etter nominasjonar frå publikum. Frist for å nominere din kandidat er 15. august.

Send inn din nominasjon her.

Handverksstipend

Bakgrunnen for stipendet er å støtte ein ung og lovande handverkar som har valt eit utdanningsløp innan eit tradisjonelt handverksfag, og som har synt evne til målretta arbeid over tid.

Stipendet vil bli tildelt ein ung, engasjert, lærevillig og fagleg solid handverkar som også er interessert i å læra bort.

Stipendet har tidlegare vert utdelt til:

  • Ove Grytbak frå Røros, 2014
  • Hans Andreas Haraldsen Lien frå Gjøvik
  • Ingunn Undrum frå Hardanger, 2016
  • Peder Alme frå Trondheim, 2017
  • Håkon Telnes Fjågesund frå Telemark, 2018

Kulturminnefondet deler også ut eit formidlingsstipend, som i år gjekk til Edel Aas og Terje Marstein.

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *