Det melder departementene i pressemeldinger i dag.
Vil ha flere fagbrev
– Yrkesfaga er eit satsingsområde for regjeringa. Vi kjem til å mangle fagarbeidarar i framtida. Difor foreslår vi fleire nye tiltak i 2019-budsjettet, så fleire elevar kan fullføre med fagbrev, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.
I 2019-budsjettet foreslår regjeringa å styrke yrkesfaga med ytterlegare 30 millionar kroner. Midlane skal gå til betre kompetanse hos lærarar, styrking av prøvenemndene, forsking og faget yrkesfagleg fordjuping. Det kjem på toppen av over 500 millionar kroner som regjeringa og samarbeidspartia allereie har styrka yrkesfaga med i perioden 2013 – 2018.
Regjeringa foreslår 13 millionar kroner til å løfte faget yrkesfagleg fordjuping. Dette faget gir elevar høve til å komme ut i praksis i løpet av skoletida, og er viktig som eit springbrett frå skole til læreplass.
– Praksisplassar gjennom yrkesfagleg fordjuping er ein av dei vanlegaste måtane å få læreplass på. Å gi elevane moglegheita til å knytte kontaktar og komme seg ut i praksis og ut i ei bedrift, er viktig, seier kunnskaps- og integreringsministeren.
Sanner vil også styrke kompetansen til yrkesfaglærarane. Regjeringa foreslår å auke satsinga med 12 millionar kroner, og vil bruke til saman 100 millionar på å auke kompetansen innanfor yrkesfaga i 2019. Dette skal også framover inkludere prøvenemndene, som gjennomfører fag-, svenne- og kompetanseprøver.
Øker kapasiteten til A-krim
– Arbeidslivskriminaliteten truar tilsette og verksemder i det seriøse arbeidslivet og fører til unndraging av skattar og avgifter. Regjeringa har fått i stand eit breitt og forpliktande samarbeid mellom offentlege etatar. No styrkjer vi deira felles innsats mot kriminalitet i arbeidslivet, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.
Som eit viktig tiltak i regjeringa sin strategi mot arbeidslivskriminalitet er det oppretta sju a-krimsenter der Arbeidstilsynet, NAV kontroll, Skatteetaten og politiet samarbeider tett.
Dette gir resultat, skriver regjeringen som meiner at dette fører til at fleire av dei kriminelle aktørane blir stansa.
Samtidig rapporterer etatane at arbeidslivskriminaliteten er blitt meir krevjande å kjempa mot.
Regjeringa foreslår derfor å auke kapasiteten på a-krimsentera og dermed intensivere jakta på dei som driv ulovleg.