Mistenkeleg korte kurs inneheld ikkje alt som pliktig HMS-opplæring krever. (Illustrasjonsfoto: Arbeidstilsynet)

To timar på kurs – og utlært?

Nettet er fullt av tilbod om HMS-kurs av vekslande varigheit og til ulike prisar. Mange er seriøse, men ein del har ingen annan funksjon enn å sikre kunden eit papir på kunnskap dei knapt kan ha fått, skriv Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet håpar og trur at arbeidsgivarar flest er i stand til å skilje mellom tilbod som grensar til svindel og seriøse kurs.

Gode kurs tar tid

– Når Arbeidstilsynet er på tilsyn, spør vi ofte etter dokumentasjon på at arbeidsgivar og verneombod har gått gjennom den lovpålagte HMS-opplæringa. Somme tider blir vi presenterte for kursbevis frå kurs som er så korte at dei neppe er i stand til å formidle den kunnskapen som er naudsynt for at partane skal kunne jobbe systematisk med arbeidsmiljøet, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet.

Det er arbeidsgivaren som har ansvaret for at ingen skadar seg eller blir sjuke på grunn av jobben. I samarbeid med verneombodet skal arbeidsgivaren legge arbeidet slik til rette at dei unngår helseskadar. For å få til dette, treng både verneombodet og arbeidsgivaren kunnskap. Arbeidsgivaren skal sørge for at begge partane får rett opplæring.

Det går fram av arbeidsmiljøloven som krev at verneombod, medlemmar av arbeidsmiljøutval og andre som jobbar med HMS i verksemdene skal på kurs. Opplæringa skal tilpassast risiko og driftsforholda i den enkelte verksemda og skal som hovudregel vere på minst 40 timar.

Krav til HMS-opplæring av arbeidsgivar finn du i arbeidsmiljøloven § 3-5

Krav til opplæring av verneombod finn du i arbeidsmiljøloven § 6-5

Godkjenner ikke kurs

Regelverket stiller ikkje konkrete krav til kva som skal inngå i opplæringa, men ho skal gjere partane i stand til å ta tak i eventuelle arbeidsmiljøproblem der dei jobbar. Den enkelte arbeidsgivaren skal kunne dokumentere skriftleg at opplæring er gjennomført.

– På nettet er det mange tilbod om opplæring – somme seriøse, og somme med heller tvilsamt innhald. Dei tradisjonelle 40-timerskursa til dei store studieorganisasjonane blir utfordra av aktørar som tilbyr kortare og billegare kurs. Arbeidsgjevaren må vurdere kva som er godt nok for den verksemda dei driv, seier Vollheim.

– For inspektørane frå Arbeidstilsynet kan det vere utfordrande å finne ut om verneombod og leiarar faktisk har den naudsynte kunnskapen fordi kursbevisa ofte ikkje er detaljerte nok. Og fordi kursa ofte er forbausande kortvarige. For arbeidsgivarane kan det vere vanskeleg å velje, særleg dersom kurshaldarar gir inntrykk av at det kort-kurset dei tilbyr er godkjent av Arbeidstilsynet, seier Vollheim.

Ho presiserer at Arbeidstilsynet ikkje har noka slik godkjenningsordning.

Trude Vollheim oppfordrar derfor alle som er i marknaden for å kjøpe HMS-kurs til å undersøke om kva dei får.

Særleg skal dei vere merksame på at mistenkeleg korte kurs neppe kan innehalde det dei treng for å jobbe med helse, miljø og sikkerheit på arbeidsplassen.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *