Kvednatunet ligg rett ved det lokale turområdet og har mange ulike typar bustader. (Illustrasjon: Appex)

– Eit forbilde på god bustadkvalitet

I Kvednatunet utanfor Haugesund vert det oppført 110 bustader med ekstra gode bustadkvalitetar.

Fellesareal som fremjer tryggleik og betre naboskap, samt god universell utforming, gjer at Husbanken har gitt prosjektet forbildestatus.

Fellesområde for godt naboskap

Husbanken gir lån til nybygg som har ekstra gode kvalitetar innan både universell utforming og energi og miljø.

Nokre prosjekt oppnår forbildestatus frå Husbanken fordi dei har strekt seg lengre enn krava når det gjeld bustadkvalitet og kan inspirere andre til å tenkje nytt. Kvednatunet utanfor Haugesund, oppført av utbyggar Øystein Grønhaug og teikna av arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke, er eit slikt prosjekt.

– Dette er eit forbilde på god bustadkvalitet. I prosjektet Kvednatunet har ein vald løysingar som gjev tryggleik og trivsel og som skapar eit brukevenleg og universelt uforma bumiljø, seier regiondirektør Mabel Johansen i Husbanken.

(Illustrasjon: Kvednatunet.no)

Spesielt utforming av uteområda gjer Kvednatunet til eit forbilde. Prosjektet er knytt tett opp til det lokale turområdet Djupedalen, og med opne grøne uteareal er bustadområdet inkluderande også for dei som ikkje bur der.

(Illustrasjon: Kvednatunet.no)

Det er mellom anna opparbeidd eigne gang- og sykkelvegar og gode og opne fellesareal med benkar, leikeplass, boccia-bane, lett tilgjengeleg sykkelparkering og grøne parkområder. Dette legg til rette for at ein kan bli betre kjend med naboen, utover det sedvanlege nikk og «hei» når ein passerer kvarandre i oppgangen.

Gjer universell utforming naturleg

I Kvednatunet er universell utforming ein naturleg og inkludert del av bustadområdet. Det gjev god framkomst, orientering og vegfinning. Skiljet mellom brustein og gras lagar naturlege leielinjer frå parkering til inngangsparti.

Samstundes gjer låg pullertbelysing langs ved gangvegen, indirekte lys frå leilegheitene og god lyssetting av inngangspartiet det lettare å ferdast også etter det har blitt mørkt.

Lys gjer det lett og trygt og kome seg til og frå bustaden sin også på kveldstid. (Foto: Appex)

Husbanken vil ha fleire forbilde

Bustaden er utgangspunktet for det meste ein gjer i livet. God bustadkvalitet er viktig for alle og ein faktor for god livskvalitet. Husbanken er difor på utkikk etter fleire prosjekt som kan inspirere utbyggjarar til å strekke seg lenger.

– Vi vil gjerne har fleire forbildeprosjekt som Kvednatunet!, seier regiondirektøren.

Kjenner du til eit prosjekt som kan være eit godt forbilde? Ta kontakt med Husbanken!

Les meir om Husbankens grunnlån her

Sjå andre forbildeprosjekt her

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *